hits

Ein heilt spesiell dag

18.10.16 /  kl. 07.23
Det er på ein heilt spesiell dato, til eit heilt spesielt tidspunkt og til ein heilt spesiell person eg publiserer dette innlegget. 


For to år sidan: Her kom du heim for første gong:)


Vi kjempa saman du og eg, - i 12 timar før du fekk sjå dagens lys. Det var 12 harde timar, og eg hugsar så godt redselen når pulsen din sank på monitoren like ved senga. Jordmor var ikkje lenger åleine. Det var brått tre av dei i rommet pluss ein overlege. Han stod klar med vakumet, og sa at viss eg ikkje pressa alt eg makta måtte han til pers. Eg sette inn siste støtet og til slutt kom du, gutten min. Så barst du ut av rommet og inn på eit anna. Eg skjønte ingenting, og pappa heldt på å svime av. Kva var det som skjedde? Kor var du? Heldigvis klarte legane å få pulsen din opp og eg fekk høyre den gode skriken din. Opplevelsen etterpå var heller ikkje god då mammaen din fekk 42 i feber og ført rett på intensiven..Heldigvis enda alt godt, og vi kunne gjenforenast nokre timar etterpå.





Dette er 2 år sidan guten min. To år som har gått vanvittig fort. Du er ikkje lenger en liten baby, men en gutt med eigne meiningar og eit smil mamma smeltar av kvar einaste dag. Du elskar å kose og ligge inntil i senga på morgonen. Du er aktiv til tusan, og legg i veg på dei spreke beina dine rett som det er. Du sit sjeldan i ro, men når du er sliten etter ein dag i barnehagen er det deilig å sitje i fanget til mamma eller pappa framfor Barne TV. 

Snart blir du storebror. Eg trur ikkje du skjønar så mykje av dette når eg seier at det er baby i magen til mamma, men den dagen søstra di kjem vil du nok etter kvart forstå at du ikkje lenger er heilt åleine om oppmerskomheten. Korleis reaksjonen din vil være er vi fryktleg spente på. Eg redd du vil bli sjalu, men skal gjere alt eg kan for at du føler deg inkludert og like høgt elska. 



Kjære Noahgutt som vi kallar deg. Gratulerar med 2 års dagen din, og vit at mamma og pappa gler seg til kvar ein einaste dag saman med deg.

Mammaklem

9 kommentarer

iselinslund

18.10.2016 kl.11:03

Gratulerer med dagen til Noah :)

springerinne

18.10.2016 kl.12:38

iselinslund: Tusen takk frå Noahgutt:)

Caroline

18.10.2016 kl.13:55

Gratulerer med dagen :)

springerinne

19.10.2016 kl.08:40

Caroline: Tusen takk:)

Liv Astrid

18.10.2016 kl.14:52

Gratulerer så mykje med dagen Noah :-). Hels så mykje til mamma og resten av familien fra oss på Vinnes.

springerinne

19.10.2016 kl.08:39

Liv Astrid: Tusen takk frå Noah. Han storkosa seg:) klem

Lena

18.10.2016 kl.16:34

Gratulera så møkje med dagen til finaste Noah.. Herrefred så fort tidå går!

springerinne

19.10.2016 kl.08:38

Lena: Tusen takk. Ja tida går rasande fort:)

Victoria Larsen

19.10.2016 kl.10:14

Så nydelige bilder!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv