hits

"Sprengt sikring"

Ein må jo ha litt galgenhumor når ein kjenner seg så rund at ein kunne trilla ned bakkane i sin eigen eplehage. Og når ein tillegg veit at det blir verre kan ein ikkje anna enn å smile for seg sjølv ( eller gråte). For ordens skuld legg eg ikkje ut bilder av ein bar mage...først då ser ein kor "sprengt" den er....



For, no kjenner eg verkeleg at jenta har vokse mykje. Berre sidan bryllupet i begynnelsen av september både ser og kjenner eg tydeleg forskjell. Magen står som ein "sprengt sikring", og det begynner å bli vondt i både bekken og andre stader. Søvnen er så som så, men når Noah er i barnehagen tek eg meg tid til å legge meg nedpå ein time eller to viss trøttheita tek over. 

Etter at eg kom heim frå Vestlandet søndag har mor vore her og hjulpe meg med vasking av hus, bollebaking og kosing med Noah. Det er ikkje så ofte han får sjå mormora si, men denne gongen har han lært seg å nettopp seie mormor og kosar seg i fanget hennar. Det er veldig kjekt å sjå. No har ho reist heim til Vestlandet, men kjem heldigvis att om ein god månad. Sjølv om ho er blitt 75 år er ho sprek til tusan og står på medan eg tek meg ein
blund. 



Eg har passert 30 veker, dvs at 75 % av svangerskapet er over og det er ca 70 dagar til termin. Jenta sparkar så voldsomt at eg begynner å lure på om det er ei Cecilia Brækhus inni her. Eg kan ikkje huske at Noah var så ivrig. Dette viste godt på 3D ultralyden eg hadde for ei god veke sidan. Ho bevegde seg så mykje at det tok ein time før vi fekk eit ordentleg bilde av snuppeluppa. Ho krølla alt av kroppsdelar rundt hovudet og heldt på som ein propell, men til slutt fekk vi sjå ansiktet på ho og det første eg la merke til var pappas munn:) Morsomt og veldig spesielt å få sjå babyen i magen så skarp og klår. Og som legen sa; Det er berre eit par cm inn til ho, så det er ikkje lange biten. Rare greier.

Oppsummering:
Kor langt på veg: Siste trimester, veke 30.
Termin: Nyttårsafta ( men så spretten som ho her er, vil ho sikkert ut midt under pinnekjøtt middagen på julafta ja...hehe)
Kjønn: Jente
Lyster: Ikkje noko spesielt, men har mest matlyst på kveldinga.
Plager: Vondt i bekkenet / korsryggen og fortsatt ein del kynnarar. Trøtt er eg, men eg kan vel ikkje sei det er ei plage.
Trening: Ingen løping dessverre. Saknar det veldig, men det er rett og slett umogleg. Trenar styrke og går litt turar, men må sei at eg ikkje er mykje motivert for denne turgåinga. For det første går det så himla seint og for det andre er det så kjedeleg samanlikna med løping.
Navn: Ikkje 100 % bestemt, men eg trur det blir eit navn som begynner på E. Prøv gjerne å gjette:):) hehe
Innkjøp: Har fått i hus barnevogn, voksipose, ergobaby bæresele og litt kle.
Gruar meg til: Fødselen og reaksjonen til Noah.
Gler meg: Til å få møte jenta og forhåpentlegvis sjå at Noah synes det er spennande med ein baby i hus.
Planer framover: Ingen store planer, anna enn å jobbe med årets siste utgave av SKIsport og levere saker til Dagbladet. Turen til Spania som eg eigentleg skulle ha ( treningsreise) frå komande fredag blei avlyst og for å være ærleg er det like bra med tanke på at eg ikkje klarar å springe. Vi satsar på at neste haust blir eit betre tidspunkt.


Noah feira 2 års dagen sin på tysdag med sine aller næraste og var i fullt vigør. 


Blitt så stor....sukk.


Noah og bestemor ( litt blenda av blitzen midt i kake etinga)

Springerinneklem
 

 

Én kommentar

Madelén

20.10.2016 kl.22:53

Hm. Det er jo aldri lett å gjette, men må jo prøve. Synes Natalie, Mie, Anine og Linnea er fine navn, og også godt passende til Noah :D Og siden dere har valgt et litt uvanlig navn som Noah så tenker jeg dere er ute etter et annet navn enn Line og Maria, liksom :)

Så blir det nå spennende å se når lillemor melder sin adkomst. Kanskje blir det tidenes julegave? <3

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv