hits

Miss Dior på snart 40....

Eg innrømmer det gjerne. Det er forbaska moro å ha gebursdag på Facebook. Såååå kjekt å få helsingar frå venner og bekjende som garantert ikkje ville visst når "gamla" feirer dag utan denne fjeseboka. Og motsett. Eg synes det er moro å følgje med på kven som fyller dag og kor gamle / unge dei blir. Gebursdag er jo ein spesiell dag uansett kor mange år kroppen har levd.


Parfyme er alltid ei velkoma gåve for ei som nærmar seg dei 40...




Eg er så heldig å være omringa av gode familiemedlemmer som kom syngande på senga klokka 0800 idag tidleg. Og ikkje nok med det; jammen fekk eg gåver også. Noah som nyleg hadde 2 års dag trudde gåvene var til han og blei heilt vill i blikket då han såg innpakningspapiret og bandet. Det som var inni var derimot ikkje fullt så spennande for den nybakte 2 åringen:) hehe...men for mor derimot var det perfekt.

Eg har gått gjennom mange bursdagar heilt åleine, enten som student eller som skilt og einsam (slett ikkje så gale som det høyrest ut som), så å ha ein familie rundt seg når ein fyller dag er veldig fint. 

Vil seie tusen takk til alle som har sendt ei gratulasjonshelsing. Veldig kjekt, og dessverre eit heilt år til neste gong....

Springerinneklem som luktar Dior lang veg.

 

2 kommentarer

ann sissel

22.10.2016 kl.22:29

Gratulerer med dagen og eg syns det er supergreit å bli minna på når andre har bursdag på facebook:-)

Victoria Larsen

23.10.2016 kl.12:23

ååh, den er super godt! :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv