hits

Farlig god gresskarsuppe med salsicciaboller

Middagen er det måltidet i heimen som samlar familien, og vi blir ikkje reint få når den nyfødte neste år kan ete vanleg mat. Ja. vi snakkar om tallet seks til bords. Det krev ein porsjon kreativitet frå ho husmor.

Eg har difor, etter eit salgsbesøk frå Adamas Matkasse i sommar takka ja til å prøve dette ut. Den første kassa kom i august og sidan har vi fått denne på døra annakvar veke (når alle er samla). Eg var superskeptisk i starten, men idag etter 2 mnd. er eg ikkje lenger i det moduset. Det har rett og slett svart til forventningane, og vel så det ( og nei, dette er ikkje sponsa...det er forøvrig ingenting på denne bloggen)

Vi har valgt Barnekassen, men maten er like god og spennande for oss voksne. Og det er overhode ikkje mat som lagar seg sjølv. Eg brukar bra med tid frå start til slutt, og kvar gong er det noko nytt. Det er med andre ord lærerikt for husmor, og spennande for dei som ventar på maten. 


I dag stod Gresskarsuppe med salsicciaboller og flatbread på menyen. Ein rett eg verken hadde laga eller smakt før. Eg visste derimot at gresskar kan smake himmelsk godt dersom det blir behandla på rette måten.Og det gjorde det verkeleg idag. Smakane var fantastisk gode, - og det på ein onsdag.






Her er oppskrifta:
Flaskegresskar
Flatbread ( lignar på pitabrød)
Grasløk
Gul løk
Kvitløksfedd
Hønsebuljong
Ingefær
Salsicciadeig( 400 g) Kan bruke vanleg kjøttdeig tilsatt div. krydder.
Olivenolje
Pepper og salt
Smør
Vann

*Sett steikeovnen på 220 grader. 
*Skrell og kutt 1 stykk flaskegresskar i to, skrap ut kjernene og kutt gresskaret i grove bitar. Grovhakk 1 stk. gul løk og skrell og finhakk 2 kvitløksfedd og ein bit ingefær.
*Steik grønnsakene i  ein kjele i olje i 2-3 minutter. Ha i 1 liter vatn og hønsebuljong. Kok på svak varme til grønnsakene er møre.

*Rull salsicciadeig til små bollar og steik i olje til dei er gjennomsteikte.
*Varm flatbread / pitabrød i ovnen i 3-5 minutter.
*Køyr suppa glatt med stavmiksar/ blender. Tilset meir vatn om nødvendig, + olje og salt/pepper.
*Finhakk grasløk og ha over suppa ved servering.




Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv