hits

Middag som vekker minner

Det er ganske nøyaktig seks år sidan eg tok utfordringa i å lage ein god middag i veka. Denne delen av behandlinga for å bli kvitt dei spiseforstyrra reglane var ganske så brutal, men det er som så mykje anna; Når ein først har gjort det ein gong, er det lettare neste gong. 


Desse bileta er frå gårsdagens middagskos for to; Reinsdyrfilet med potet og persillerotpure, aromasopp, sjalottløk, asparges og rødvinssaus. Oppskrifta fann eg på matprat.no, men med litt improvisjon.

Reinsdyr var ein av dei aller første "gourmetrettane" eg prøvde meg på i behandling. Når eg først skulle gjere noko ut av denne middagen ein gong i veka ville eg bruke skikkelege råvarer, og stå på kjøkenet ei stund. Det å kokke var eg jo vane med som sjuk. Problemet var berre at eg sjeldan åt det eg lagde sjølv. Det sa spisemonstret nei til. Den biten måtte eg jobbe med skulle eg nærme meg ein normal livsstil.


Det er litt rart å tenkje på idag; at eg var så ufatteleg redd for alt som kunne kallast kos, gourmet, mettande mat, smør, fløyte med meir. Men slik er denne sjukdomen. Den set grillar i hovudet på deg og set enorme begrensningar i livet.

Her er det både smør og fløyte, og fy søren så godt det smakte. Gjett om eg er sjeleglad for at eg har klart å legge vekk dei spiseforstyrra reglane. Det er ei friheit som er vanskeleg å beskrive.


I helga har David, Noah og eg berre slappa av, gått tur, rydda vekk alt i hagen for vinteren og vore ein liten tur til bestemor i Gausdal. Ei ordentleg avslappande helg med lite program. Magen min vekse som rakkaren og eg kjenner meg meir og meir sliten, så det passar eigentleg veldig fint å ta livet med ro. Imorgon ventar arbeidsdagen att.





God søndag vidare:)

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv