hits

Større og større

Det er under to månadar til termin, og eg blir berre større og større. Snart har eg ikkje kle som passar lengre, og glidelåsen på den elles så romslege dunjakka helde på å sprenge. Då lyte eg ty til mannen sine kle, for å bruke peng på gravidkle no er ikkje aktuelt. 



Vel, dette er berre småtteri i forhold til kva som ventar. Eg er sikker på at denne "oppblåste" forma lett blir gløymd i det jenta er ute. Og eg ser veldig fram til akkurat den dagen. Er så spent på korleis ho ser ut, om alt står bra til og ikkje minst korleis fødselen vil utarte seg. Fekk det veldig over meg igårkveld då eg først såg Kjære Mamma og deretter Fødeavdelingen på TV. Du kan sei at nervane dukka opp... Men det er uansett ingen veg tilbake.

Slik er stoda idag:
Termin: Nyttårsafta
På veg: 33 veker ( i 8.månad)
Plager: Trøtt, sprengt mage ( kynnarar) og litt vondt i bekkenet.
Lyster: Mandarinar går ned på høgkant. Har elles veldig god apetitt, bortsett frå at eg blir mett veldig raskt. Er nok begynt å bli fullt inni her.

Trening: Makan til slappfisk har eg ikkje vore på LENGE. Men eg trenar styrke 1-2 gongar i veka og går litt tur. Er forøvrig ikkje blitt svakare i overkroppen, heller motsett. Kanskje graviditetshormona gjer meg sterkare:) hehe
Kjønn: Jente
Navn: Det er bestemt, og alle i familien er enige. Noah har ikkje sagt så mykje, men han får tåle at navnet begynner på E. og ikkje N. slik vi også hadde i tankane. Det er berre å fortsette å tippe. Har enno ikkje sett at nokon har tippa rett:)

Planar framover: Ingen andre planar enn å få levert årets siste utgave av SKIsport, og saker til Dagbladet. Kjem ikkje til å setje meg i bilen og rase over vestlandsfjella før fødselen.
Vektoppgang: Har ikkje gått på vekta sidan midten av september, så eg er spent på kor mykje eg har gått opp på neste kontroll komande mandag. Men uansett kva talla seier, kjenner eg meg ikkje så uvel i eigen kropp og det viktigaste er at jenta får vokse slik ho skal.
Innkjøp: Ja, no har eg faktisk handla litt kle, og det er så masse fint. Har falle veldig for Lille Lam sine plagg, så eg må nok få med mi kjære mor på litt shopping før jul:)



Springerinneklem


 

 

6 kommentarer

Sara

02.11.2016 kl.17:40

Så spennende å følge deg, Kristin, og det gleder meg enormt at du har det bra! :D <3

springerinne

02.11.2016 kl.22:13

Sara: Tusen takk gode deg Sara!!

Lena

02.11.2016 kl.22:14

Eg er desverre ikkje så god på å legge igjen hilsener til deg, Kristin- men eg er inne og lese og syns det er kjempe spennande å følga deg og dine. Du er ein inspirasjon.. Takk for at du deler ♡ De beste ønsker i tidå framøve!

springerinne

03.11.2016 kl.12:35

Lena: Åh tusen takk Lena:) Det varmar:)

Madelen

03.11.2016 kl.23:01

Ja, siden jeg ikke tippet rett sist så legger jeg inn nok en gjetning; Ellinor :)

Nå er det ikke lenge tiiil <3

springerinne

10.11.2016 kl.12:44

Madelen: hihi. ikkje Ellinor:) Det er berre å forsette å gjette. hihi

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv