hits

Eit av mine sterkaste møter

Som journalist på 12 året har eg møtt svært mange fantastiske menneske. Eit av dei historiene som gjorde ekstra inntrykk fann eg tilbake til i går då eg keik gjennom nokre av utgåvene eg lagde som redaktør for magasinet Birken. Kanskje ikkje heilt overraskande at eg synes dette møtet var spesielt, men tilbakemeldingane på akkurat denne reportasjen var også veldig "gode".

Menn med spiseforstyrrelsar finnast, - tru meg. Eg kjenner fleire som slit på forskjellige måtar. Fellesnevnaren i mine mannlige bekjentskap er ekstrem trening kombinert med supersunn mat, redsel for det sosiale og mangelen på å glede seg til noko, og over noko. Kanskje det kallast ortoreksi? Eg veit ikkje. Spiseforstyrrelsar er uansett ein sjukdom som også råkar det mannlige kjønn.



Dama du ser nederst på bildet over, er dama som hjalp meg tilbake til livet. Og faktisk gjekk eg i behandling hos ho då denne reportasjen blei skriven. 

Det er nokre år sidan eg lagde denne saka, men eg veit at dette temaet er meir aktuelt enn nokon gong. Eg skulle ynskje det ikkje var det, at problematikken har stagnert og at antall sjuke er blitt mindre. Eg trur derimot ikkje det er slik, og det gjer meg fryktleg trist innvendig.

Springerinneklem

 

4 kommentarer

Marthe Katrine

03.11.2016 kl.21:56

Verdens beste Kristin, verdens beste Tim og verdens beste Laila! Tvers gjennom veldig bra mennesker :) Digger dere!!

springerinne

10.11.2016 kl.12:45

Marthe Katrine: Tusen takk gode deg:)

Kristine

04.11.2016 kl.10:10

Det er så viktig å rive ned dette tabuet, og å få mer bevissthet og kunnskap rundt menn og spiseforstyrrelser! Bra skrevet, Kristin :)

springerinne

10.11.2016 kl.12:44

Kristine: Tusen takk Kristine:) Ja det er viktig. Mange menn som slit.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv