hits

Sommarmenneske som begynner å like vinteren

Å være redaktør for magasinet SKIsport gjev meg ei ypparleg anledning til å finne fram att lidenskapen for nettopp det å gå på ski. Eg elska det då eg var yngre, så gjekk det mange år med kun løping og svært lite skisport. Ja eg trur faktisk det blei ein 10 årig lang pause. Litt av grunnen var vel også sjukdomen; at eg ikkje orka å fryse og være usikker på om eg forebrente like mykje som om eg tok ein løpetur. 
 


Idag tenkjer eg ikkje på forbrenning. Det er ikkje difor eg tek meg ein skitur. Det er av rein lyst og ikkje minst gleda av å dra inn frisk vinterluft på ein anna måte enn det eg gjer til vanleg. Og så ligg jo dei mest fantastiske langrennsspora ikkje langt frå heimen. Og allereie etter årets første snøfall låg trikkeskinnene klare; først på Nordseter/ Sjusjøen, deretter Birkebeiner`n Skistadion, som berre er 10 minutt i bil frå husdøra.



Magasinet SKIsport er jo som du høyrer i navnet; eit blad med fokus på nettopp ski. Difor slo eg to fluer i ett smekk idag; oppdrag og skitur. 

 



Vakkert skue..

Eg trur ikkje Noah hugsar så masse frå fjorårets vinter, for han virka temmeleg overraska over snøen som dala ned. Store auger, eit stort smil og litt frustrasjon over kor vanskeleg det var å baske seg framover i tjukke vinterkle. 


Sjølv om eg er eit sommarmenneske som elskar å tre på meg kort tighsten, singleten og løpeskoa, er ikkje vinteren så aller verst likevel. Og eg veit at denne årstida vil prege livet mitt framover når eg har valgt å flytte til Lillehammer. Så då er det vel berre å senke skuldrane og nyte i staden for å lengte til neste sommar.

Springerinneklem

2 kommentarer

Lena

08.11.2016 kl.21:46

Jeg klarer ikke helt å bestemme meg for hva jeg liker best- sommer eller vinter?! Jeg fryser stort sett uansett årstid, men vinteren er skikkelig ille. Jeg fryser stort sett konstant og blir fryktelig sliten av å hele tiden prøve holde meg varm. Men da kan jeg pakke meg inn i lag på lag uten spørsmål, mens det på sommertid forventes at en skal gå med lite klær som igjen gjør at en viser mye hud- noe jeg hater. Føler litt at det blir tap tap situasjon for min del uansett, men jeg tror jeg heller foretrekker å fryse- innpakket i klær- enn å måtte vise noe av kroppen! Men kanskje jeg er så heldig å en dag komme der du er.. 😊 og ikke minst være i nuet! Det er visst der det er best 😉

springerinne

10.11.2016 kl.12:43

Lena: Å fryse fordi ein er sjuk er ikkje noko kjekt. Å kle av seg fordi ein er sjuk er heller ikkje kjekt. Då er det betre å kle på seg og holde seg varm på den måten. Men det beste av alt er å få hjelp og verkeleg jobbe mot ein sunn og frisk kropp slik at alle årstider er velkomne:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv