hits

Å samanlikne to svangerskap

Det å samanlikne to ulike svangerskap er spesielt, for sidan det ikkje er lengre enn 2 år sidan sist hugsar eg det meste frå då eg gjekk med Noah. Alt var nytt og spennande. Eg talde dagar og følte eg kjende endringar for kvar veke som gjekk. Eg var lite kvalm, berre litt trøtt og kunne springe omtrent til den dagen Noah meldte sin ankomst.


8.mnd på veg i 2014...

Fødselen tenkte eg ikkje noko særleg på før siste vekene. Svara eg fekk frå venninnene mine om kva smerter eg gjekk i møte var omtrent umulege å tyde, så eg innfann meg med å vente til den store dagen.



8.mnd på veg i 2016

Dette svangerskapet har vore annleis. Det er det ingen tvil om. Eg har vore meir kvalm, trøtt, hatt fryktleg mykje kynnarar, vondt i bekkenet og løpinga måtte eg stoppe med i 5 månad. I tillegg har eg vore langt meir bekymra desse månadane. Eg har vore og er redd for at det skal skje noko, og tenkjer mykje på fødselen. Følelsen eg fekk av å sjå Noah bli tatt i frå oss rett etter han kom til verda fordi pulsen var svært lav kjendes GRUSOM. Først då skjønte eg kva risikosport dette faktisk er. Og ikkje minst veit eg kor sterk kjærligheten er for sitt eige barn. Den er heilt vanvittig. 
Eg prøver likevel å ikkje la bekymringane ta heilt over, og heller glede meg over at vesle E. sparkar som besatt i magen. Ho er vanvittig aktiv. Ja langt meir enn det eg kan hugse Noah var på same tid. 
Det er veldig kjekt, og eg veit at eg kjem til å sakne sparka etter fødselen. Den delen av graviditeten er heilt unik.

Vel, dette var nokre tankar frå ei som snart blir 2 barns mor og "mor" til fire annakvar veke. Det blir heftig, men eg ville ikkje vore det forutan. Alternativet kunne vore så mykje meir annleis...



Springerinneklem


 

2 kommentarer

Anniken Gaka Tronstad

10.11.2016 kl.19:53

Så fint å lese din historie! Klem :)

springerinne

10.11.2016 kl.21:17

Anniken Gaka Tronstad: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv