hits

Ei julegåve med meining

Ja, eg veit. Det er litt over 40 dagar til jul, men eg tippar dokke allereie har fått vite når det er julebord på jobben og nokre av dokke har sikkert begynt å handle julegåver. Så ordet jul er vel ikkje heilt ukjent. 



I utgangspunktet pleier eg ikkje å tenkje mykje jul før desember har starta. I år er det annleis, då det er omtrent like mange dagar til termin som til sjølve julafta.
Og er det noko eg ikkje orkar tanken på veka før "nedkomst" ( høyrest fælt ut...) er det kafekos og kjøpesenter. Hehe...Då velger eg heller å gå ein tur i hoppbakken uten stress frå julestria. Det hadde eg foresten lykke med sist gang; Noah kom dagen etter trappeturen i Lysgårdsbakken.:):)


Uansett, eg har ei julegåve å anbefale, og den kan være "nyttig" å handle på nett. Det er uten overraskelse den sjølvskrivne boka; "Spring for livet" eg hintar til....kostar ikkje mykje verken i butikk eller på nett og eg trur den kan gje mykje inspirasjon til den som treng det. I tillegg er boka  koma ut som e-bok.

Vel, dette var ei lite sidespor på slutten av arbeidsdagen. Eg held på noverande tidspunkt på med årets siste utgåve av magasinet SKIsport, og trur eg kan love innhald som vil fenge mange skiglade menneske. 
Ha ein fin mandag:)

Springerinneklem

2 kommentarer

Victoria Larsen

14.11.2016 kl.18:52

Så flott tips!

springerinne

16.11.2016 kl.20:54

Victoria Larsen: Berre hyggelig:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv