hits

Hjelp, berre litt over en månad att!

Ei lita oppdatering frå ruginga som begynner å nærme seg slutten. 

På vei: I 35 veke (34+2)
Termin: Nyttårsafta
Kjønn: Jente
Navn: Er bestemt. Gler meg til å begynne å bruke det
Vekt: ca. 2300 ( gjennomsnitt)
Full lengde: ca. 41 cm ( gjennomsnitt)



Om barnet idag: Nå flyter det ikke lenger, men hviler i livmoren. Øynene åpnes når fosteret er våkent, og lukkes når det sover. Øyefargen er vanligvis blå uansett hva som blir den endelige fargen, fordi pigmenteringen ikke er ferdig ennå. Utvikling av øyefarge krever at øyet blir utsatt for lys. Fingerneglene begynner nå å bli så lange at fosteret kan klore seg selv.

Mine tankar: Det er rart å lese om, og ikkje minst sjå bilde av babyen over. Blir heilt fascinert, og forstår kvifor eg føler meg så himla sprengd. Ho har begynt å ta god plass denne frøkena.
Babyens aktivitet: Vesle E. er i vigør. Sparkar og styrar på inni her. Plutseleg er venstresida av magen megasvær og eg kan nesten sjå føtene gjennom mageskinnet. Litt creepy, men mest morsomt.
Form: Vondt i bekkenet og mykje kynnarar. Jenta pressa skikkeleg "der nede", noko som igjen jagar meg på do i ett sett (spesielt om natta). Har heldigvis fått gått litt på ski utan at bekkenet har lege igjen i skiløypa. Kjennes godt med litt aktivitet.
Must-have: Ikkje noko spesielt, men har generelt god apetitt:)
Innkjøp: Har fått i hus barnevogn, voksipose, bæresele, litt kle og har ein del frå før som må finnast fram. Elles er eg snart ferdig med alle julegåvene. Greitt å sleppe kjøpesenteret dei siste to vekene av rugetida:):) hehe
Tankar om fødsel: Ja, eg tenkjer på fødselen. Kan ikkje sei noko anna. Hugsar så godt sist opplevelse at det nesten blir umuleg å ikkje grue seg. Det viktigaste er likevel at E. kjem ut frisk og fin, så får mor heller tåle smerten og det som måtte følgje med.
Vektoppgang: Opp 11 kilo så langt - og det merkast.

#gravid #oppdatering #baby #barnimagen #mamma #svangerskap #barn #familie #uke35 #snartmammatilto


Ellers holder eg på å levere årets siste SKIsport. Det blir 84 sider med masse bra stoff. I ettermiddag venter oppdrag for Dagbladet, og så er det jammen helg igjen.

Må berre legge ved bilde av Noah i ny pepperkake outfit som han fekk i posten av ei veldig snill dame. Tusen takk:)



Til å "ete" opp:)

God helg:)

Springerinneklem
 

2 kommentarer

Madelén

20.11.2016 kl.00:00

En måned går fort! :D

springerinne

22.11.2016 kl.15:03

Madelén: Ja det gjer kanskje det...sukk

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv