hits

Skriket på fødeavdelinga

Det er søndagkveld. Eg har lege over doskåla fleire gonger i løpet av dagen, feberen seier 39 og haudet sprenger konstant. Formen er rett og slett ikkje slik den pleier. Turen går til legevakta, deretter til fødeavdelinga for innleggelse. Har barnet det bra? Kva er det som skjer? 



 

Eg blir ført gjennom ein stille korridor og inn på eit einerom. Her ventar senga som eg kjenner att frå sist fødsel, det same sengetøyet, same remediane på veggen, same handkleda og kjende jordmoransikt. Ledningar blir kobla på, ultralyd blir utført, blodprøver blir tekne. Eg får noko å sove på, men det funkar ikkje. Hovudet sprenger så sinnsjukt.

Dagen etter får eg beskjed om å halde meg i ro. Det er heldigvis ingen teikn til svangerskapsforgiftning, som eg frykta, men dei vil likevel ikkje sleppe meg heim denne dagen. CTG som registrerer barnets puls og livmora sine sammentrekningar blir utført fleire gonger. Jenta ser ut til å ha det bra. Ho sparkar og virkar tilfreds. Det er litt verre med mor, men etter nok ei natt i sjukesenga kjenner ho seg litt betre.

Avdelinga er forstatt overraskande stille, men plutseleg høyrer eg eit høgt og vondt skrik medan eg sit i stolen på rommet. Det går kaldt nedetter ryggen. Kva var det? Eg er nysgjerrig og beveger meg ut i korridoren. Der høyrer eg det igjen. Eg blir heilt satt ut. Det går ei bittelita stund, så kjem det eit nytt skrik. Denne gong eit babyskrik. Tårene pressar på. Det er så vanvittig sterkt å høyre det som ein sjølv ynskjer skal låte snart. 



Eg blir utskriven frå sjukehuset med beskjed om å ta det med ro. Enklare sagt enn gjort, men denne gongen skal eg ta det til meg. Neste besøk skal være i fødsel. Ikkje fordi eg er redd for infeksjon eller andre mistenksomme tilstandar.

Det er spesielt å være innlagt på sjukehus. Du føler deg utanfor den vanlege verda, ser sjuke folk i heisen, i korridorane, legar som går frå rom til rom og pratar seg i mellom. Men følelsen av å bli teken vare på er veldig god når det er ting som ikkje stemmer. Jammen er vi heldige som bur her vi bur.

Springerinneklem

 

6 kommentarer

Sara

22.11.2016 kl.17:58

Sender deg en stor, varm klem <3

springerinne

23.11.2016 kl.12:15

Sara: Takk vennen:)

Victoria Larsen

22.11.2016 kl.18:38

God klem <3

springerinne

23.11.2016 kl.12:15

Victoria Larsen: Tusen takk:)

Liv Astrid

25.11.2016 kl.13:05

Hei, dette var ingen kjekk lesning, håper alt går bra med dokke? Men tenk om 1 måned har du gulljenta di i fanget. Slapp av og håper mannen din er flink til å ta vare på deg. God heg:-).

Klem

springerinne

26.11.2016 kl.16:09

Liv Astrid: Tusen takk snille deg:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv