hits

Eit program til ettertanke

For ei veke sidan sendte NRK dokumentaren "Helene sjekker inn". Denne gongen oppsøkte Helene Sandvig avdelinga RASP, regional avdeling for spiseforstyrrelser, ved Oslo Universitetssykehus der ho blant anna stilte spørsmåla:
Hva er det å bli frisk, hvis du har hatt en alvorlig spiseforstyrrelse? Kan du noen gang få et normalt forhold til mat? 


(Trykk på linken under, eller bildet for å sjå dokumentaren)

Eg har aldri vore på ei slik avdeling, heller aldri vore innlagt anna enn akutt på sjukehus, så eg var spent på korleis livet var innanfor RASPs dører. Og det som møtte meg var temmeleg sterkt.
 Eg svelgde tungt fleire gonger då eg kunne kjenne att redselen for å endre seg, for mat, for det normale livet etc...

Helene er ein svært dyktig reporter og gjev sjåarane eit ærleg innblikk i den tøffe kampen. 
Eg anbefalar difor å sjå denne dokumentaren på nett. Klikk deg inn HER. Eg er sikker på du ikke klarar å gå ifrå pc en med det første. Les også meir HER.

Springerinneklem

2 kommentarer

29.11.2016 kl.22:32

Eg syns det er så bra at de setter lys på at det mange ganger er mer bak ein spiseforsryrrelse enn bare det ønsket om å bli tynn, og at det ikkje bare er "å ta seg sammen og begynna spisa". Håper mange ser programmet- for å få et lite innblikk i noen av kampene som kjempes hver dag, og forståelse for at det ikkje er et hvilehjem å være innlagt på en slik avdeling.. Takk for at du dele link på bloggen din, Kristin.

springerinne

01.12.2016 kl.14:30

Anonym: Takk for det. Nei det er jammen ikkje berre å ta seg sammen. Det er så mykje meir enn det. Psyken er knalltøff å kjempe mot. Fyttigrisen, men det er heldigvis mogleg.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv