hits

Rusavhengighet og spiseforstyrrelser har mange fellestrekk

Eg er ikkje typen som følgjer med på TV seriar, men likar dokumentarar. Og som eg skreiv i sist innlegg; Helene sjekker inn er ein type dokumentar som eg synes er veldig interessannt og gjer at eg ikkje klarar å gå frå TV en. Det er så nært og sterkt og byr på korleis livet kan ende for svært mange.

I går sendte NRK frå Tyrilisenteret her på Lillehammer. Ja det er like i nærleiken av heimen vår, og eg har vore på senteret for å klatre eit par gonger. I tillegg går / joggar eg forbi senteret ofte og synes det er så flott at dette tilbudet for rusavhengige finnast. Det var difor spesielt å få bli med Helene Sandvig innanfor dørene på ein litt anna måte enn å ta turen for å klatre.

Det gjekk mange tankar gjennom hovudet når eg høyrde "elevane" fortelje om fortida si og korleis dei opplevde det å bu på eit senter der dei skal seie farvel til rusen og velkommen til det normale livet. Redselen for å sleppe ut i fare for å sprekke, suget etter rusen som gjorde at dei flykta frå utfordringane i livet, avhengigheten som sit klistra i minnet sjølv om dei hadde vore edru så og så lenge. Det minner meg veldig om bulimitida. Suget etter mat, for så å kaste opp. Dei kvardagslege kampane for å unngå fristelsar fordi eg visste at det ville ende med ein helvetes runde frå frysen til toalettskåla. Det minner meg om anoreksien og avhengigheten av kontroll over eigen kropp. Avhengigheten av å takke nei til det eg blei tilbudt, og rusen av å klare det. Og ikkje minst minner det meg om all lyginga, bortforklaringane og lovnadane om å begynne et betre liv imorgon.

Eg har aldri vore rusavhengig sjølv, så eg veit sjølvsagt ikkje korleis det er å kjenne på dette. Det einaste eg veit er at det er steintøft å kome seg ut av, og dei som klarar det er ordentlege heltar.

Springerinnklem

2 kommentarer

Tonehav

02.12.2016 kl.00:27

Det du skrev er sånn jeg føler det mange ganger... en daglig kamp der jeg blir styrt av mat og dobesøk og hater meg selv så inderlig etterpå. Hvordan skal man bryte det mønsteret der?

springerinne

02.12.2016 kl.12:05

Tonehav: Ta en dag av gangen. Bestem deg for at imorgon skal du ikkje kaste opp. Vær stolt av deg sjølv og kjenn kor godt det er å unngå den doskåla. Det er enklare å ta en dag av gangen enn å seie at du skal slutte for alltid. Då er det så lett å bli skuffa over seg sjølv og gje opp.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv