hits

Spent og nervøs

Vi er i desember. Nesten ikkje til å tru at det er denne månaden eg har termin. Det kan skje når som helst sjølv om eg ikkje trur det skjer heilt ennå. 
 



Må innrømme at eg tenkjer mykje på fødselen. Gruar meg veldig, sjølv om eg veit det er unødvendig å bekymre seg før det heile er i gong. Det var berre å klare akkurat det. Det er så mange tankar som går gjennom hovudet. Blir det ein rask fødsel? Blir det som sist, over 12 timar? Blir det dramatisk endå ein gong? Rekk eg å få smertelindring? Vil barnet klare seg gjennom den tøffe prosessen ein fødsel er. Sukk...ein kan bli tussete av mindre. Det einaste eg er sjeleglad for og som senkar skuldrane litt, er at det kun tek 5 minutt i bil til sjukehuset og eg veit at jordmødrene og apparatet er dyktige i jobben sin. 

 

Kort oppsummert:
Termin: 31.desember
På veg: I 37 veke ( 36+2)
Kjønn: Jente
Navn: Bestemt
Plager: Som før, men har begynt å kjenne på halsbrannen. Føler meg ellers bra.
Vektoppgang: 11,5 kg
Tankar: Fødselen og alt rundt den biten. Vil alt gå bra? Tenkjer også på Noah sin reaksjon.
Lyster: Mandarinar er supergodt. Det samme er julebrus:)
Innkjøp: Ullbodyar etc, og så er eg så heldig å ha fått søte babyklær av ei god venninne.
Trening: Har ikkje løpt sidan september, og skigåinga har eg lagt på hylla i redsel for å tryne. Går turar. 

Springerinneklem




 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv