hits

Den helvetes bulimikampen

Eg har skreve det mange gonger før; tida som bulimikar er den verste perioden eg har stått i. For, det var ikkje berre bulimien som råda, men også anoreksien. Det kunne være tre dagar med altfor lite mat, for så å møte dei neste tre dagane med altfor mykje mat og oppkast. Eit helvete utan like. Ikkje ein dag fri frå spiseforstyrrelsen. Hovudet var eit reint kaos og handlingane deretter. 





Eg kjenner fleire som lever slik akkurat no, og det same spørsmålet går på repeat. Korleis bryte mønsteret? Korleis klare å kome seg ut av den fryktlege sirkelen? Det er ikkje eit enkelt svar på dette, dessverre. Men nokre råd kan eg gje likevel.

* For det første; ta 1 dag av gangen. Sei til deg sjølv at imorgon skal eg ikkje overete og kaste opp. Det skal bli ein dag med jamne måltid der du ikkje får "ein grunn" til å kaste opp. Ja, det er tøft å ete desse jamne måltida når hovudet er spiseforstyrra, men du skal kun gjere dette imorgon. Neste dag skal du ikkje legge planar for. Den dagen kan du heller planlegge når du legg deg i morgon.

* Når morgondagen er over og du ligg under dyna kjenner du etter kor godt det er å ikkje ha lege over den toalettskåla. Ja, du har kanskje litt dårleg samvit for at du har ete det du har ete, men det får heller være. Du skal fokusere på at du har klart ein dag utan bulimien. Kanskje det fristar å prøve dette dagen etter også?

* Til oftare du klarar å unngå å spy til meir stolt skal du være. Det er ein seier og ikkje eit tap.

* Lag avtalar på dei tidspunkta du veit bulimien herjar som verst. For min del var det på sein ettermiddag / kveld. Det er ikkje alltid det er like å lett å være sosial eller finne på ting på dette tidspunktet, men prøv iallfall nokre gonger i veka. Å gå seg ein tur på det tidspunktet som er verst er også ein måte å "kome seg unna" frysen og toalettet på.

* Å ete jamnt gjennom heile dagen er essensielt for å ikkje gå på ein smell. Dette veit du heilt sikkert, og eg skjønar at det er vanskeleg. Men det tross alt reinspika fakta og det er nøkkelen til å ikkje bli sugen. Når eg tenkjer jamne måltid, så meiner eg frukost, lunsj, middag og kvelds. Hvis du et veldig lite til desse måltida er det viktig å få inn litt frukt eller liknande mellom hovedmåltida. Og husk at frukt ikkje er eit måltid i seg sjølv. Det er reinspika sunnhet og mest vatn.

* Snakk for all del med nokon. Ikkje gå med dette inni deg. Det er ikkje flaut eller skammeleg å være bulimikar. Det er ein sjukdom som du overhode ikkje har bedd om å få. 
 



* Ta ein titt innom for eksempel denne sida: nettros.no. Du skal ikkje stå åleine.

Springerinneklem
 

 

 

 

6 kommentarer

lisarorvik

06.12.2016 kl.10:55

Så utrolig bra at du deler dette, for slike innlegg kan hjelpe mange der ute :)

springerinne

06.12.2016 kl.13:51

lisarorvik: Håpar det:)

Benny

06.12.2016 kl.14:52

Jenter er blinde så faen! spiser dere mat med masse næring massevis av ris frukt grønnsaker uansett hvor mye dere spiser av det går dere ikke opp i vekt jeeze.... er alt det unaturlige brødet osten olje fett dere går opp i vekt av å ser bare eldre og eldre ut. spiser selv over 300000 cal om dagen i bare frukt ris og grønnsaker kjempe godt og lar meg ikke starffes med å mnske kalorier fordi maten jeg spiser ikke gir meg næring og ødelegger forbrenningen og gjør at kroppen tviholder på den lille næringen den får! ! går ikke opp i vekt går ned.... Dere blir lurt av magasiner og bullshit på nettet. hvor er det den ekte næringen kommer ifra? Naturen vel! VÅKNE OPP KJØRE PRINSESSER! og propp i dere så mye god næring dere vil å se vakrere ut for hvær dag. Er trist å høre.

springerinne

06.12.2016 kl.19:24

Benny: Kva skal eg sei til dette? Ikkje så mykje anna enn at det kunne vore smart med eit rettskrivingskurs.

Rebekka

06.12.2016 kl.17:40

Benny, du har jo virkelig ingen aning om hva du snakker om. Og det er helt OK, for hadde du hatt samme syn som oss som har ett forvrengt forhold til mat hadde du også vært syk. Men ikke lek bedreviter er du snill, for du aner ikke hva du snakker om.

Takk for at du tørr å dele <3

Benny

07.12.2016 kl.04:00

Ikke vær så ignorant å gjør litt research da. snakker av erfaring på mine og tusenvis av andre sine vegner. masse informasjon på youtube communities. prøver bare å hjelpe. nytter ikke å klage man må prøve nye ting viss ikke det man holder på med funker. Det hadde vert javli digg da å spise så mye man vil av rett mat hadde det ikke det? Btw dama mi hadde anorexia i ungddumstia før og hun og jeg har levd samme livsstil i mangen år og hun ser smahing ut for å spise over 20000 kalorier om dagen med trening 2 ganger i uka. Det har vørtfall kurert henne. tro det eller ei. får begynne å lage blogg selv kanskje haha!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv