hits

Begynner å bli klar

Til dokke som er spesielt interesserte...hehe:)

I dag har eg vore på oppfølgingskontroll etter innleggelsen for to veker sidan, og fekk sjå ei aktiv og stor jente. Ja, ho er faktisk snart like stor som då Noah blei fødd, så går eg til termin vil ho nærme seg 4 kg. Olalalalaa...

Hovudet er festa og ligg langt nede, så det blir spennande å sjå kor lenge frøkena vil være i mammas mage ( termin 31.12) . Uansett så er ho velkoma når det skulle være. Har brukt dei siste dagane til å gjere klar fødebagen. Har handla litt kle, ammeting etc slik at mannen slepp å ile ut på butikken viss det skulle skje før termin. Kjenner at berre denne pakkinga gjer meg nervøs og spent. 

Hadde ein god prat med sjukehuset idag angåande fødselsangsten som eg må sei sit i etter forrige gang. Ikkje det at eg er redd for smertene, for dei skal eg alltids takle, men for ein eventuell infeksjon og feberøkning i rasarfart. Berre det å høyre at eg kunne dødd av 42 i feber viss eg ikkje var på sjukehus sist, gjer meg passe mo i knea. Blei heldigvis møtt med ei veldig god ro og støtte, så eg kjende meg ganske letta då eg tok beina fatt mot heimen. 

I fødebagen:
*Hentesett som Noah fekk ( det får berre være at det er blå knappar....det er altfor fint til å ikkje bruke en gang til.
*Mjuk og varm utedress til å reise heim i
*Ullbodyar og ullbukse
*Sokkar
*Hue og vottar
*Ullpledd
*Kosekanin
* Kosedress og diverse til mamma
* Ammeutsyr
* Smokk
* Mjukt dopapir ( etter anbefaling av andre)
* Og sikkert ein del ting til....:)


Dette heimsydde nestet kjøpte eg av ei dame på Lillehammer like før Noah kom. Noah brukte det mykje, så eg vil tru vesla også skal få dra nytte av dette. Heilt perfekt å ha i sofaen og i senga. Då slepp vi å være redde for å rulle over ho i søvne. 
Er ellers veldig spent på amminga, då eg gjorde minimalt av det sist. Går det bra vil iallfall nettene bli litt betre enn då eg måtte ned på kjøkenet og lage flasker midt på natta. 

Så er det berre å vente då...godt det er desember og juletid. Då går tida litt fortare.


Rart å tenke på at eg snart er 2 barns mor...og i tillegg stemor til to annakvar veke...Livet er forunderleg.

Spent Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv