hits

Liten update

Liten update til dokke som er nysgjerrige.

Dei siste dagane har vi hatt besøk av mine foreldre. Vi har vaska hus, baka, handla juletre, julegåver og fått orden på alt som bør være på plass før vesla kjem. Elles har eg jobba med neste utgåve av SKIsport og ikkje minst treningsreisa eg skreiv om igår. 

Apropo gjere alt klart før den nye familiemedlemmen bankar på døra, så er eg meir enn klar for at ting skal skje. Men det er jo typisk; når ein kjenner seg klar så dreg tida ut. Og det virkar som snuppa likar seg godt i magen. 



Det er knallfint julevær her på Lillehammer. Minusgrader så håra reiser seg og sol frå blå himmel. Kan ikkje be om betre forhold i desse tider. Eg veit at dette ikkje gjeld så store områder i landet, så eg føler meg ganske privilegert som bur her eg bur akkurat no. Og som dokke ser er vinterløpeskoa i bruk ( skulle berre ynskje eg kunne løpe i dei...)

Vel, ei lita oppsummering her.

Termin: Om 15 dagar ( 31.12)
Kjønn: Jente
Navn. Bestemt og begynner på E.

Plager: Ikkje noko særleg anna enn auka press der nede og kynnarar. Ja og så er det litt vanskeleg å finne ei god sovestilling, men det er ingenting å klage over.
Gler meg mest til: Å møte lille jenta og sjå Noah som storebror.
Gruar meg til: Fødselen. Når eg legg meg for kvelden tenkjer eg mykje på akkurat den seansen. 
Siste dagars oppleving: At Noah kosa med magen og sa baby. Det var veldig spesielt, sjølv om eg var redd for at han brått skulle smelle knyttneven sin midt i blinken....Kan ikkje stole heilt på ein 2 åring.
Vektauke: Rundt 12 kilo. 
Lengtar etter: Først og fremst bli ferdig med fødselen, deretter bli kjend med snuppa og så bli meg sjølv att. Kroppen heng ikkje heilt med som den pleier for å sei det mildt.
Innkjøp: No er det meste på plass. Barnevogna er klar for tur, senga er sett opp, elektrisk brystpumpe er på plass, fødebagen er pakka, stellemadrass ligg klar og kle er lagt saman. Eigentleg synes eg det er skummelt å ha alt klart då ein ikkje veit korleis fødselen går, men på ei anna side kan ein ikkje tenkje slik heller. Ein må jo være positiv og då velger eg det.:)

Springerinneklem

 

 

 

 

2 kommentarer

Lena Cecilie

18.12.2016 kl.15:20

Ååh.. venter i spenning! Eg er inne og kikke hver dag for å se om det er noe nytt hos dåkke. Så heldig dåkke er som har sånn deilig julevær like før dagen er her- skulle lett byttet det ut mot regnet og tåka som er her. Sender gode tanker og de beste ønsker din vei.

springerinne

18.12.2016 kl.19:13

Lena Cecilie: Så koselig at du følgjer med. hihi..Ingenting nytt ennå. Ja skjønar at regn og tåke ikkje gjev den beste julestemninga. Huskar det godt frå der eg vaks opp sjølv, men så blir ein på ein måte vane med det og julemiddagen smakar like godt for det.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv