Grusom beskjed å få
Like før søndagsmiddagen i går kveld titta eg innom telefonen. Der låg ein beskjed å venta i messenger. Som oftast er det kjekke meldingar der inne, men ikkje denne. Langt ifrå. Orda eg las brente seg fast i hjertet og eg kjende at beina blei møre under meg. Ordet død var ikkje til å unngå å lese sjølv om det kom eit stykke ned i teksten. Anoreksien har teke livet av ei jente eg så vidt har hatt kontakt med etter bekymringsmelding. Ho blei funnen heime etter at legen sendte ho tilbake til leiligheta med ei sjukmelding, istadenfor å tvangsinnlegge ho. Er det muleg? Kva er det ekspertisen tenkjer med? Kroppen skal være LANGT NEDE når den velger å slokne. Dette må vel være muleg å fange opp før det er for seint. Joda, ein spiseforstyrra kan være ekspert på å pynte på sannheta, men blir ein sjekka grundig vil tilstanden tale for seg sjølv.
Eg er mildt sagt sjokkert over orda eg las, og eg kjenner meg sint og frustrert. Denne sjukdomen er livsfarleg, og må takast på det største alvor. Også blant fastlegane der ute. Dei er en avgjerande mellomstasjon for å kome seg vidare i systemet. Dessverre blei det ikkje tatt på alvor her. Frykteleg!
Springerinne
- Benedikte
20.12.2016 kl.00:13
springerinne
21.12.2016 kl.09:17
Barbro
20.12.2016 kl.13:44
Wenche
20.12.2016 kl.16:17
springerinne
21.12.2016 kl.09:17
21.12.2016 kl.01:18
Desverre er det ikke bare leger som sender altfor syke hjem igjen på denne måten. Jeg vet om flere som blir henvist videre til psykiatrien, men også de sender veldig syke hjem igjen eller tilbake til legen fordi de er for syke eller som de sier "ikke mottakelig for hjelp!". Og slik fortsetter de som kasteballer i systemet..
springerinne
21.12.2016 kl.09:15