hits

Den he...jula, eller?

Dei siste dagane har vore prega av julestemning i heimen. Sidan eg ikkje veit kva jula vil bringe denne gongen er det kjekt å ha alt klart i god tid. Og eg må sei at jula har blitt ei heilt anna høgtid enn den var for nokre år sidan. Vil nok aldri gløyme dei åra eg grudde meg i fleire veker før jula i det heile tatt nærma seg. Trening, lite mat, tvangstankar, redsel, kaos.....ja det meste ein kunne finne i negativ forstand. 



No har dette snudd drastisk og eg vil nyte juletida for alt den er verd. Difor har eg brukt litt tid på å pynte heimen og gjere det koseleg. Det er i tillegg noko heilt anna å feire jul med barn i hus. Dei gler seg slik til gåvene og teller ned dagar. Er kanskje ikkje rart ein blir litt smitta.

Til dokke som er der eg var som spiseforstyrra og deprimert; det beste er å være open med dei du skal feire med før julekvelden er igang. Fortell at du slit med maten, det er vanskeleg å være sosial, og det siste du ynskjer er kommentarar, kjeft og tvangseting. Det er fryktleg vanskeleg å fortelje dette viss ingen veit om det, men du vil garantert få ei betre julefeiring dersom du er open. Dei pårørande vil kanskje reagere voldsamt den første timen, men dei vil være sjeleglad for openheta du. Det er enklare sagt enn gjort. Eg veit det veldig vel, men av erfaring er det betre å fortelje sannheita enn å halde den inni seg.Dette er ein sjukdom som må takast på alvor og viss dei du fortel dette til ikkje forstår det, kan du henvise til dette innlegget. Kanskje dei skjønar meir då. Når det er sagt, finnast det heilt sikkert nokre som ikkje vil forstå, men inst inne håpar eg orda kan være litt til hjelp: Det verste ein spiseforstyrra kan tenkje seg er å bli masa eller kjefta på. Då går muren opp med det same.



Eg skriv for all del ikkje dette fordi eg meiner at du skal la være å kose deg eller nyte julematen, men fordi eg vil du skal senke skuldrane og ikkje være livredd for å bli pirka på i ei tid som tross alt skal være positiv og god. 

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv