hits

Forhåpentligvis "siste" oppdatering

Er begynt å bli passe utålmodig, og rastlaus. Det er fortsatt 8 dagar til termin, og når folk spør om eg trur det skjer før, veit eg sanneleg ikkje kva eg skal svare. Er jo heilt umuleg å gjette seg til. Enkelte dagar kjennes det ut som at det er på gang, andre dagar ikkje. Tida får vise, men eg håpar at dette er siste oppdatering før "finaledagen".



Termin: Nyttårsafta
Kjønn: Jente
Navn: Begynner på E og sluttar på e...
Størrelsen på barnet: Ca. 3,5 kg og 50 cm. Det merkast!
Vektauke mor: 12-13 kilo
Tankar rundt dagens gravide kropp: No begynner eg å glede meg til å bli Kristin att, men på same tid er det koseleg å kjenne på sparka og spenninga i det å vente på noko stort skal skje. Dette blir nok mitt siste svangerskap, så eg får berre nyte den siste tida før fødselen. Vektauken merkast på formen, men eg får meir enn nok tid til å trene resten av livet, så eg stressar ikkje. 
Om fødselsangsten: Ja eg kan vel sei at eg har eit snev av angst før det heile kjem igang, men etter nokre beroligande samtalar med jordmødre og legar på sjukehuset har eg senka skuldrane nokre hakk. Og så har eg jo ein staut mann som skal "ta imot" sitt fjerde barn, så eg er nok i gode hender.
Om svangerskapet generelt: Har vore eit langt svangerskap. Synes det er så lenge sidan eg fortalde det til dokke, og det er jo dobbelt så lenge sidan eg oppdaga det heile. Formen har vore langt frå så bra som då eg gjekk med Noah. Då løpte eg til siste slutt, men no har eg ikkje løpt sidan september. Hugsar ikkje sist eg hadde eit så langt avbrekk, men likevel har det gått overraskande bra. Hovudet har ikkje kødda med meg slik eg var redd for i sommar. Då kjende eg nemleg på redselen for å ikkje kunne være fysisk aktiv så mykje lengre..Dette resulterte i nokre veker med irritasjon og tankeverksemd, men det gjekk over og i haust har eg berre kosa meg med det eg har kunna gjort. 
Gler meg mest til no: Å få møte vesle E. og ikkje minst sjå møte mellom søskena. Dei gler seg iallfall veldig og Noah klappar på magen min og seier baby. Trur ikkje han forstår at det verkelege er ein baby inni her, men det får han tidsnok vite.  

Springerinneklem


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv