hits

God jul frå fødestua

Ja, det blei faktisk siste oppdatering med baby i magen igår. Det hadde eg ikkje trudd.

Kvelden gjekk roleg for seg med pizzaeting og litt jobbing på pcen og deretter i seng rundt 2200. Eg fekk derimot ikkje sove lenge før eg kjende at kynnarane blei kraftigare. Klokka 0200 gjekk vatnet og eg skjønte kva som var i gjere. Klokka 0330 kom taxien og henta meg og fødselen var brått i gang. Min kjære rakk heldigvis å kome før det var for seint, for etter kort tid var det jammen meg for seint med epidural. Det var eg derimot ikkje like blid for, då det gjorde så sinnsjukt vondt. Ja, mykje verre enn sist. Då funka epiduralen som rakkaren og eg slapp å kjenne dei fryktlege kreftene. 
Eg ropte likevel etter denne sprøyta i ryggen, men då det stod fire jordmødre rundt meg forstod eg at dei ikkje hadde slike planar. Vesla kom i turbofart, men hadde satt skuldra fast. Då snudde den eine jordmora seg rundt i ein fei og sa at ho måtte ut NO og gav magen eit realt dytt i sida. Eg vil ikkje sei kva eg ropte ut i smerter, men det var ikkje pent. Klokka 0550 blei eg tobarnsmor. Fantastisk følelse.



Så no sit vi her, Erle og eg ( var det nokon som tippa det navnet...?) og feirar julekvelden på åleinerom. Noah og familie har vore innom og imorgon satsar eg på at vi feirar julekvelden med pinnekjøtt og gåver heime.
God jul frå oss.

Springerinneklem
 

14 kommentarer

Victoria Larsen

24.12.2016 kl.21:27

Ønsker deg en fin julekveld :-)

24.12.2016 kl.21:46

Gratulerer så mye med den lille prinsessa.

Akkurat stor nok til å fylle seg selv, nydelig!

Håper jeg en dag vil oppleve samme lykken <3

springerinne

25.12.2016 kl.06:59

Anonym: Tusen takk, det håpar eg også du vil:)

Lena

25.12.2016 kl.00:58

Gratulera med litla jentå, og velkommen til verden finaste lille Erle. ❤

springerinne

25.12.2016 kl.06:59

Lena: Tusen takk:)

Kari

25.12.2016 kl.17:34

Åååå! Så herleg! Gratulerer med ei fantastisk julegåve og innsats!

Ønsker fortsatt verdens beste jul til deg og familien!

springerinne

26.12.2016 kl.22:48

Kari: Tusen takk:) God jul til deg og dine også:)

Maike

25.12.2016 kl.22:14

Gratulerer så masse! Håper du får ei fin jul videre :)

springerinne

26.12.2016 kl.22:47

Maike: Tusen takk Maike:)

Anne-Helene

26.12.2016 kl.21:28

Gratulerer så masse til dere alle!

springerinne

26.12.2016 kl.22:47

Anne: Tusen takk:)

Vilde Bratland Hansen

27.12.2016 kl.17:50

Gratulerer så mye! :)

Barbro

28.12.2016 kl.13:35

Gratulera 😊

springerinne

28.12.2016 kl.16:24

Barbro: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv