hits

Følelsar i hytt og pine

Det er ei følelsesladd mamma som sit i sofaen atmed eit ferskt babygull på fire dagar.

 


At eg for nokre år sidan ikkje tenkte på det å bli mor som ein "big deal" er vondt å tenkje på. Ja, at eg ikkje brydde meg om muligheten for å oppleve det eg kjenner på idag.  Ei evig takknemlighet ovanfor to velskapte barn i livet mitt. Det er vanvittig sterkt og tårene trillar berre eg ser på bilder frå nokre dagar tilbake.
 

Det har gått i eitt sidan eg kom heim 1.juledag. Ja, det er ingen tvil i at livet i heimen med to små er meir hektisk. Sjølv om eg har vore vane med tre barn annakvar veke er det langt frå det same med to småttisar som må passast på til ei kvar tid. Og akkurat dette med Noah på 2 år kontra Erle på 0 har eg hatt i tankane i fleire månadar. Vil det oppstå sjalusi? Vil Noah kaste ting på ho? Eller i verste fall slå ho? Ja, mange tankar med andre ord. Svaret eg sit att med etter desse fire dagane er kanskje eit heilt anna enn om 3 veker, men til no har Noah kosa Erle og vore utruleg snill. Rett nok har han vore sjuk med høg feber som dreg med seg mykje sutring, men eg er imponert over kor forsiktig han har vore. Kanskje det vil endre seg når han skjønar at den nye faktisk skal bu her, men det får tida vise.


I dag hadde Erle og eg vår første trilletur. Og ja, eg var litt ekstra spent på om ho ville vakne og skrike for full hals. Hadde teke seg ut midt i gågata, men heldigvis gjekk det fint. Ho såg ut til å trivast og sov godt heile vegen.

Det er rart å få barn nummer to. Følelsane hoppar og sprett som ein yoyo. Plutseleg er det to å dele dei på. Sukk...håpar alt dette går seg til om ikkje så lenge. Viss ikkje blir eg tussete:)


Rart, men utruleg fint å sjå Noah som storebror. Synes ikkje det er lenge sidan han var den vesle babyen min.

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv