hits

2016 - eit år eg aldri vil gløyme

Eg hugsar så godt dei åra eg ikkje kjende evna til å glede meg over noko, eller til noko. Det var så frustrerande og håplaust, men på same tid gav eg på ein måte blaffen. Kvifor skulle eg glede meg når eg visste kva det førte med seg; mat, sosial prat, meir mat, drikke osv...Det verste eg kunne tenkje meg, eller rettare sagt; det verste spiseforstyrrelsen kunne tenkje seg. Dette gjorde meg likegyldig til jul og nyttårsfeiringa. Ja, eg la meg gjerne klokka 22.00 når året blei bytta med eit nytt. 



Det er difor spesielt å kunne sjå tilbake på dei siste åra med glede og takknemlighet. Joda, det har vore utfordringar no og då, men det kan likevel ikkje samanliknast med då eg var sjuk. Gledene har vore så mykje større. Dette året har vore heilt spesielt, og for interesserte lesarar kjem ei oppsummering her.

BOKLANSERING: 23. februar lanserte eg boka "Spring for livet, slik blei eg frisk" på Bislett Stadion. Eit manus eg hadde jobba med frå då eg fekk Noah hausten 2014. Lanseringa bringa meg til blant anna NRK Radio og God Morgen Norge på TV2. Stort for ein "liten"forfattar i den store samanheng. Tida i etterkant gav meg moglegheita til å halde mange foredrag, eit godt boksalg og personlege møter med sjuke som eg fortsatt har kontakt med. Ei erfaring eg set stor pris på.



POSITIV: I april skjønte eg at noko var i emning. Kroppen som var i god løpeform begynte å butte i mot. Og eg som hadde psyka meg opp til å springe karusell gjennom heile sommaren og greier. Endeleg tøff nok til å bruke startnummer att. Men det var noko som var annleis. Eg tok difor ein graviditetstest. Den var utelukkande positiv. I det eg såg resultatet visste eg ikkje kva eg skulle tenkje. Skal eg verkeleg bli 2 barns mor i 2016? 



JA!
Etter at min kjære fridde på julafta ifjor blei det lagt planar for bryllup i utlandet. Det første ynskje var New York, men etter litt research fann vi ut at Barcelona var både enklare å reise til ( med fleire barn) og ikkje minst ein by vi begge likte. Og slik blei det. Den 9. september gav vi kvarandre vårt ja i ei vakker klosterkirke midt i Barcelona sentrum. Dagen var fantastisk og akkurat passe formell. 

 




09.09.2016

ERLE:
Sist jul (2015) var veldig spesiell då min kjære fridde, men den toppa seg ennå meir i år ( eller ifjor -2016) då veslejenta brått fekk fart på seg julaftamorgon. Både mor og far blei "tekne på senga". Vi skulle jo ha pinnekjøtt, moltekrem og gåvekveld....men nei, det blei fødestua istaden. Og betre julegåve kunne vi ikkje fått. Erle var heilt perfekt der ho viste seg ute i den store verda. 

 


01.01.2017

No har det gått ei veke sidan vesla kom, og Noah blei storebror. Det har vore veldig fint, men slett ikkje berre glamour. Timane i døgnet går i surr. Å vakne 0300 for å mate, skifte bleie, skifte dyne og dusje fordi mor svettar noko sinnsjukt etter fødselen for så å stå opp nokre timar etterpå er noko eg truleg må bli vane med ein periode framover. Hadde eg fortsatt vore gravid ville den vesle søvnen blitt eit mareritt, men heldigvis er hormona no på mor si side. Det er rart kor ting kan snu.


Nyttårsafta 2016- den eigentlege terminen.

2016 har vore eit fantastisk godt år. Eg kan ikkje anna enn å være evig takknemleg. Kva 2017 vil bringe anar eg ikkje, men eg håpar kvardagen viser godsida til. Det er tross alt det aller viktigaste.

Godt nyttår kjære lesarar!

Springerinneklem




 

2 kommentarer

Victoria Larsen

02.01.2017 kl.00:25

Mange flotte bilder :)

Lisbeth

04.01.2017 kl.18:44

Gratulerer så kjempemye som 2- barnsmamma! Fantastisk! ❤

Skjønner det er i julen det skjer hos dere, men det blir kanskje vanskelig å toppe dette kommende jul...! 😁

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv