hits

Treningsferie før og no

Til hausten ventar ei treningsreise som eg gler meg veldig til. Her vil treningsglede og inspirasjon stå i fokus. Ikkje hardtrening, konkurranse eller dønn alvor. 


Slik har det ikkje alltid vore når eg har reist til sydlegare strøk på ferie. Det blei som regel meir trening enn kos og i tillegg klarte eg ikkje å nyte livets goder når øktene var over. Tankane i hovudet surra og gjekk medan eg såg den eine fristelsen etter den andre. Joda magen rumla støtt og stadig, men hovudet beheldt "kontrollen".

Det er difor ufatteleg godt å ikkje kjenne på det same regimet idag. Då hadde eg aldri begitt meg ut på reisa vi skal arrangere i slutten av oktober. Verken for min eigen del eller deltakarane sin del. 

Reisa vår er for alle, og det er lagt inn god tid til å slappe av på stranda som ligg like rundt hjørne, eller gjere andre ting. Det blir stort sett to økter for dag, men blir gruppa slitne og ynskjer å stå over ei økt eller to er det absolutt ingen problem. Vi er veldig fleksible. Målet er at alle føler seg ivaretatt. Om det er på den eine eller andre måten.

Springerinneklem

 





 

2 kommentarer

Victoria Larsen

12.01.2017 kl.12:53

Flink du er! :D

Maike

12.01.2017 kl.18:30

Høres veldig kjekt ut! Mange som setter pris på intiativet ditt, du er rå!! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv