Mitt første smil
Det går mykje i baby og barn om dagen. Eg kan ikkje legge skjul på det. Mating, bleieskift, trilletur og byssing er den store aktiviteten. Erle er veldig snill, men likar seg best nær mamma eller i eit anna fang. Akkurat no har ho faktisk sovna i grinda, så det går an å få skrive litt uten å ha ho på fanget eller i bæreselen.
Det er veldig moro å sjå korleis ho endrar seg veke for veke, og idag fekk eg sjå hennar første smil. Det måtte sjølvsagt forevigast. Det tok derimot ikkje lange tida før smilet gjekk over til hikking og gråt, men slik er det. Vi planlegg også dåp for vesla, og har satt av ein søndag i mars til det. Då er ho nesten 3 månadar så det skulle passe bra.
Vel, eg får benytte anledninga til å støvsuge huset i håp om at lyden gjer ho ennå litt søvnigare:)
P.S Fann eit bilde frå då Noah viste sitt første smil, det også litt over tre veker etter fødselen. Legg det ved her.
Springerinneklem
Sandra Marie
18.01.2017 kl.13:12
Anette
18.01.2017 kl.13:22
Victoria Larsen
18.01.2017 kl.14:18