hits

Instagram og lettkledde idrettsutøvere

Det er noko som har gjort meg betenkt den siste tida. Veldig betenkt. 


Frå tida mi som løper...Det blei ikkje teke mange bilder då samanlikna med idag..

Som så mange andre har eg ein instagram profil som eg er innom dagleg. Eg følgjer ein del, deriblant idrettsutøvarar der nokre er meir kjende enn andre. Det er moro å sjå korleis dei ligg an med treninga si, og ikkje minst moro å følgje dei når dei er i sesong. Men så er det nokon som er veldig glade i å legge ut bilder med spente musklar og det som er. Ei tydeleg posering etter mi meining.
 Bildene er kanskje redigerte, ikkje veit eg, men det er iallfall tydeleg at kropp spelar ein stor del av utøvaren sin profil. Deretter ser eg på antall følgjarar som ofte seier godt over tusen eller ennå meir. Det er MANGE, og sjølv om ikkje alle lar seg påverke, vil det alltid være nokon som sug blikkfanga til seg.

Eg har møtt fleire av desse idrettsungdomane som har lagt merke til poseringane og kroppsfokuset. Og det dei fortel gjer meg desto meir bekymra:  "- Jeg mister troen på meg selv og min kropp når jeg ser på flere av Instabildene...Det virker som om du må være helt ribbet for å prestere."Ja, desse orda har eg høyrt mange gonger, og med ei fortid som spiseforstyrra toppidrettsutøver er det vondt å vite at ein dette kan være med på å gjere ein vanleg idrettsungdom usikker. Det som skal være ein trygg arena, er i ferd med å bli det motsette.

Å drive idrett handlar sjølvsagt om kroppen, då det er den som skal gjere jobben. Det betyr likevel ikkje at det er korleis den ser ut som er avgjerande. Om ein har sixpack, og blodårer som tyt ut både oppe og nede. Om ein har smale hofter og markerte leggmusklar. Det er ikkje dette som gjer deg til den beste. Det er rett trening over lang tid, gleda over å drive idrett og eit sterkt hovud. Kvifor ikkje vise det i staden for den halvnakne kroppen.



Springerinneklem

 



 

8 kommentarer

Victoria Larsen

21.01.2017 kl.10:46

Ønsker deg en god helg :-)

tone

21.01.2017 kl.12:11

Hei Kristin :-) Synes det er flott at du skriver om slikt på bloggen, for det er så altfor mye fokus på kroppsbilder hos enkelte. Det har ingen ting med prestasjon å gjøre, og i så fall vi jeg si at for de fleste som blir for rippa og opptatt av slikt så vil det nok heller påvirke prestasjoner negativt. Skulle ønske idrettsutøvere som er forbilder for mange yngre kunne tenkt seg om flere ganger før de legger ut slikt. God helg og klem til deg for å sette lys på at det ikke bør være greit :-)

springerinne

21.01.2017 kl.14:54

tone: Takk Tone:) Du veit godt kva eg snakkar om og du veit i tillegg kva ein rippa kropp nettopp kan gjere med helsa og med resultata etter lang nok tid. Det kan fort gå veldig gale. God helg til deg og dine:)

Frida

21.01.2017 kl.13:23

Kunne ikke vært mere enig med deg her, Kristin. Virkelig et viktig tema å ta opp, da det er liten tvil om at dette er med på å påvirke mange unge i en negativ retning. Tror enkelte av de som legger ut slike bilder ikke er klar over virkningen det kan ha selv, og derfor ekstra viktig å sette lys på det slik at de kan reflektere litt mer over det.

Ønsker deg ei god helg!

springerinne

21.01.2017 kl.14:52

Frida: Takk for meininga di:) Nei, eg er redd dei ikkje forstår virkninga av det dei legg ut, men på same tid synes eg det er rart med tanke på alt som faktisk står om spiseforstyrrelsar og kroppspress i dagens media. Det burde ikkje være så vanskeleg å få med seg...

Frida

22.01.2017 kl.20:52

Det er jeg helt enig i. Men igjen; en ser ofte ikke det en ikke ønsker å se..

Linda

23.01.2017 kl.19:16

Bra skrevet, Kristin! :)

springerinne

23.01.2017 kl.19:35

Linda: Tusen takk for at du les:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv