hits

Genial oppfinnelse

Eg er ikkje den som klarar å sjå på utallige smular på golvet, eller la skittentøyskurva vekse langt over kanten. Då blir eg rett og slett utilfreds. Kanskje dumt tenkjer du, men slik er det no berre.

Med ein 2 åring i hus blir det smular og skit under stolen. Leikane flyter, og med fire barn annakvar veke blir det fullt i skittentøyskorga. Dette visste eg før vesla kom til verda, så då var det ikkje mykje grubling som skulle til for å bestille seg ein ordentleg bæresele. Og den har svart til forventningane. Den gjer at eg kan halde orden i huset utan at vesla ligg skrikande i grinda. For, er det noko som skjær i hjertet mitt er det spedbarnskrik. Joda, litt må ho kunne skrike, men det er så vondt å høyre på. Eg er difor sjeleglad for at eg har denne bæreselen frå Ergobaby ( og nei, eg er IKKJE sponsa). 



Erle storkosar seg med å ligge inntil mamma.



I dag er godjenta 1 månad gammal. 


Snuppa mi:)

Det er kaldt i Lillehammer om dagen, men det set ikkje ein stoppar for trilletur. Vanlegvis pleier snuppa å sove som ein stein, men idag var ho lys vaken heile tida. Ja, ho skreik også så pass mykje at eg var sikker på at det var "forretninger" på gang. Eg spurta difor innom kjøpesenteret for å skifte bleier, men det var ikkje mykje å skifte for å sei det slik. Først då eg kom heim etter endt trilletur sovna frøkena. Jada...Ikkje like enkelt.:)

Springerinneklem

7 kommentarer

Victoria Larsen

24.01.2017 kl.17:04

Åh, så herlige bilder <3

Sarah

24.01.2017 kl.17:07

Så mycket snö ni har :)

springerinne

24.01.2017 kl.21:05

Sarah: Ja det er vinter her??

Synnøve

24.01.2017 kl.18:07

Hei Kristin! Gratulerer så mykje med søte Erle! Å vere tobarnsmor er ganske kjekt😉☺️ Eg er heilt frelst i ergobabyen min, har brukt den svært mykje til begge barna mine og ho eldste på snart 3 år sit gjerne i den ennå, på ryggen vel å merke. Nyt tida😃

springerinne

24.01.2017 kl.21:05

Synnøve: Tusen takk Synnøve:) Ja den er gull verd for ei husmor:)

Tiril

26.01.2017 kl.17:07

Så skjønn hun er:):):)

springerinne

26.01.2017 kl.20:55

Tiril: Takk Tiril:) Ja, ho er ei godjente:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv