hits

Vektoppgang og mensen

I boka mi Spring for livet er eg dønn ærleg og skriv opent om både det eine og det andre, som for eksempel dette med mensen og vektoppgang. Og ja det er enklare å skrive enn å snakke om temaet, men når eg held foredrag er det vanskeleg å pakke slike ord inn, så då kjem dei rett frå levra. Heldigvis har publikum tålt "ordbruken" og har faktisk takka meg i etterkant for at eg er så open.



Dette har gjort til at eg får mange spørsmål om den tida eg gjekk frå å være svært tynn og anorektisk til å faktisk bli friskare og få mensen tilbake. Kor mange kilo måtte eg opp? Kor lang tid tok det før eg fekk den under behandling? Korleis reagerte eg? Ja. denne type spørsmål. Og eg skjønar det så vel at jentene spør. Hadde eg kunne spurt nokon på den tida eg var sjuk ville eg truleg gjort det. Problemet då var at eg ikkje " kjende til" nokon som kunne svare, så eg måtte berre oppleve det sjølv.

Å forklare korleis det skjedde med meg er jo ikkje vanskeleg. Eg hugsar det som om det var i går for å sei det slik, men så er eg nøydd å forklare at dette er heilt individuelt. Vi alle er så ulike. Nokre, slik som meg fekk den temmeleg "raskt" tilbake. I tillegg blei eg gravid på første forsøk etter 10 år uten mensen. Det skulle ikkje gå an i mitt hovud, og kroppen takla heller ikkje det lille som var sådd i magen. Det var ikkje liv laga dessverre, men for andre kan denne prosessen ta mykje myyyykje lenger tid. Og då gjeld det å halde oppe motivasjonen. Ikkje slutte å jobbe mot ein frisk og sunn kropp, men halde positivteten oppe og vite at kroppen som regel finn tilbake til seg sjølv med nok tid. Husk at du kanskje har brukt 5-6 år av livet ditt til å "mishandle" kroppen med lite mat osv. Det er ikkje berre å skru på ein knapp og tru at den kjem i harmoni etter litt vektoppgang. Stabilitet over tid er ein nøkkel slik eg ser det.

For min del mista eg mensen då eg låg på rundt 52-53 kilo. Med ei høgde på 165 var eg etter BMI verdiane normalvektig. Rett nok heilt nederst på skalaen, men eg mista den likevel. Då eg kom meg opp att til den vekta fekk eg den tilbake, ca 7 månadar ut i behandlinga. Då gjekk eg frå å være noko med 40 kilo + og kjende sjølvsagt at eg la på meg på denne tida. Det hadde ikkje takla utan medisinen som eg har skrive om før ( og i boka). Heldigvis fungerte den så godt at når mensen først kom greip ikkje panikken meg fullstendig. Det ville den garantert gjort uten medisinen. Så ærleg er eg.

Det er utruleg viktig å bruke tida i behandling /  når du har bestemt for å bli frisk frå spiseforstyrrelsen, til å førebu deg på å få mensen tilbake. Då skal du tenkje at det ikkje betyr at du er feit eller noko i den dur. For mensen er ikkje lik feit. Så det er sagt. Det er eit teikn på at kroppen begynner å fungere att. Kanskje ikkje hovudet heng så mykje med som du vil den dagen det skjer, men det skal du likevel takle.
Når eg klarte det, klarar du det.

Å være jente / dame utan mensen er ikkje kult i lengda. Du kan få beinskjørhet i ung alder ( ja eg veit korleis det er å brekke bein i ein alder av 22....ikkje kult). Du misser lysta på sex, du misser muligheten til å få barn, du slit med å vise di feminine side osv.. Og til lenger til det går til verre blir alt dette. Og eg lovar; ingenting ved å ikkje ha mensen er noko å trakte etter. Du viser ingen styrke ved å halde den borte..det er kun spiseforstyrrelsen som fortel deg. Og den er det iallfall ikkje verd å ta vare på.



Springerinneklem frå ei som er superglad for alt mensen har gitt meg....viss dokke skjønar:)

 

6 kommentarer

Hanne Lovise Johnsen

26.01.2017 kl.14:51

fine bilder av deg!:D

springerinne

26.01.2017 kl.20:55

Hanne Lovise Johnsen: Tusen takk:)

Tonje

26.01.2017 kl.20:06

Fine bilder. Om slike ting er det bra å være åpen og å snakke rett fra levra noen ganger :)

springerinne

26.01.2017 kl.20:55

Tonje: Ja, det er som regel lite anna som hjelper når ein først er inne på temaet:)

Madelen Skare Olsen

26.01.2017 kl.23:07

Takk for at du deler dine tanker! Å få kvinnelige former og mensen er min største frykt, og det er nesten verre for meg å få den enn å ha beinskjørhet. Jeg mistet den for 8 år siden, så ja, det er litt kritisk det der. Hadde den knapt 1/2 år (uregelmessig) av livet mitt før jeg mistet den, så jeg kan vel ikke si jeg har hatt den ordentlig.... Jeg skal ikke ha egne barn (for jeg har alltid villet adoptere - bestemte det da jeg var 7 år), og jeg er jo ikke i noe forhold nå, men jeg tar til meg det du skriver!

springerinne

06.02.2017 kl.15:49

Madelen Skare Olsen: Her svarer eg vel seint. Beklager. Eg forstår frykten din, men husk at det er SF som fortel deg dette. Du har lytta til den sjuke stemma så lenge at det er blitt ein vane. Og det er den vanen / stemma du må overvinne, - uansett om du skal adoptere eller ikkje ( adopsjon er forøvrig ein fantastisk ting å gjere...heldig det barnet som får deg til mamma). Eg vil at du skal ha det godt utan dei dumme tankane frå SF slik at du kan nyte livet i enno større grad enn du gjer idag. Det å ha mensen betyr ikkje at du ser stor ut, eller har dei kvinnelege formene som eg kan tenkje meg du ser for deg.....Det betyr berre at kroppen har fått henta seg inn att bittelitt og fungerer litt betre....Eg veit korleis det er å være sjuk med mensen, og det er ikkje enkelt, men det handlar mykje om å forberede seg på å få den. Med det meiner eg å snakke til seg sjølv at det ikkje er eit nederlag å få den tilbake. Det er heller ein siger, - og som sagt betyr ikkje mensen å være verken stor eller tjukk. Langt derifrå.
Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv