Vinn hotellopphold på treningsreisa vår
Påmeldingane til treningsreisa har starta, men vi vil sjølvsagt ha fleire med på laget. No har du sjansen til å vinne hotellopphold på Albir Playa&Spa. Eit flott spahotell nær stranda. Det du må gjere ser du under.
Vi lovar ei veke med variert trening der styrke og løping står i fokus. Innanfor desse sjangrane skal vi gjennom mange kjekke treningsøkter. I tillegg set vi av tid til ein lengre fjelltur som kan by på ein flott "premie" på toppen.
For dokke som ikkje har fulgt oss kjem ein kort presentasjon her:
Begge er frå Sandane i Nordfjord. Det er nokre få år mellom oss ( 35 og 37 år) og vi har latt oss inspirere av fysisk aktivitet sidan vi var små.
Kristin T.( på bildet under) er styrkejenta som veit å finne godt gøymde musklar. Ho er utdanna personleg trenar og har jobba i dette yrket i fleire år. Kristin bur i Albir med mann og tre barn. Ho kjenner plassen reisa går til som si eiga bukselomme.
Kristin Roset er tidlegare landslagsløpar på mellomdistanse. Ho har halde fleire løpekurs, har vore friidrettstrenar, skrive bok om kroppspress i idretten og er i dag sportsjournalist for Dagbladet og redaktør for magasinet SKisport.
Kvifor treningsreise: Etter ein telefonsamtale for 3 år sidan bestemte vi oss for å teste dette ut då vi begge hadde tenkt tanken ei stund. Så blei vi begge gravide omtrent på same tid og måtte utsette planane. I fjor la vi nye planar, men kom for seint i gang. I tillegg blei Kristin R. gravid på nytt med termin to månader etter reisa. Det var kanskje ei meining med at det ikkje skulle bli noko reise i fjor sjølv om vi ville fått det til. Vi lar likevel ikkje draumen passere då vi veit at dette vil bli bra. Vi er begge kompetente og har ei vanvittig stor glede av fysisk aktivitet som vi ynskjer å formidle. Nei, vi er ikkje dei store kjendisane som arrangerer reiser for kjende operatørar, men vi er engasjerte, har lang erfaring med kombinasjonen trening og menneske, og føler det skal holde i massevis. Dokke som vil delta skal iallfall reise heim med ei inspirerande veke i bagasjen.
Kristin og Kristin
Ida Øverland
03.02.2017 kl.14:24
springerinne
06.02.2017 kl.15:39
Ida Øverland
07.02.2017 kl.11:25