hits

Mammalivet

Det er 6 veker sidan kvardagen blei snudd på nytt. Erle inntok heimen vår i jula, og sidan har dagane gått i surr ( og det er ikkje å spøke med...) med til byssing, kosing, gulping, meir byssing og bleieskift. 

At dagane går i surr kan eg skrive under på opptil fleire gonger. Eg har bomma på onsdag og torsdag og fredag for den slags skuld. Kanskje ikkje rart når det går i same tralten heile tida...hehe


Som under...( for dei spesielt interesserte vel og merke...)
Mellom 0400-0600: Mating ( i senga) med påfølgjande reprise: Raping, gulping og ei uroleg jente som meiner ho har sove nok.
0700: Noah er lei av å ligge i senga og prate med kanina og seg sjølv, så då er det intet valg enn å begynne på morgenstellet. Det er i seg sjølv ei skikkeleg svettebyge då han slett ikkje likar å verken bli kledd av eller på. Det endar difor med at vi gjer dette framfor Dora eller Peppa Gris på Tven. 
0800: Etter frukost leverast Noahgutt i barnehagen, medan eg tek meg av Erle.
0900: Meir mat til Erle. Ho er som meg; stygg svolten på morgonen. Heldigvis må ikkje begge rape og gulpe like mykje. 
10.00: Vi kosar, skiftar bleie og gjer oss klar for trilletur.
Mellom 11-14: Trilletur
13-14: Meir mat til veslesnuppa..
1530: Noah og papsen kjem heim til enten eit bomba eller rydda hus.
1630: Middag 
1730: Erle skrik etter mat - igjen!
1800: Kosemelk Noah
1830-1900: Noah seier natta etter ein kamp om å få på pysjen og sluking av halve tannkremtuba
19.30 og utover: Rydding av hus
20.00-2100: Meir mat Erle

22.30: Natta


Erle er ei veldig god jente, men til tider svært uroleg. Ho likar seg aller best i armane eller i bæreselen, så når vi legg ho i grinda er det ikkje alltid stillhet i vente. Heldigvis har det kome seg litt den siste tida. 

I helga fekk vi besøk av tantebarnet mitt Ingrid ( vel, ho er ikkje akkurat eit barn lenger...) og det var verkeleg topp. Vi skravla, gjekk lange turar, eg fekk vaska litt hus, dusja lenge og Noah fekk ein ny leikekamerat:) Takk Ingrid:)

No ventar 6 vekers kontroll med vaksine. Spent på korleis det vil gå..
Som sagt ikkje dei store nyhetene herifrå...


Springerinneklem
 

3 kommentarer

Victoria Larsen

06.02.2017 kl.12:34

For noen nydelige bilder <3 Jeg håper du får en fin mandag :-)

springerinne

06.02.2017 kl.15:38

Victoria Larsen: Takk det samme Victoria:)

SongCai1000

07.02.2017 kl.19:04

Fine bilder. Det er travelt og koselig å være mor til små barn :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv