hits

Løpeglede på Lillehammer #løpeglede #løpekurs

No er det ei stund sidan eg har kosa meg på løpetur. Kjenne på at kroppen og løpebeina har gått av seg sjølv og blitt skikkeleg svett under armane. Eg kryssar fingrar for at kroppen er klar den neste månaden.



 

Det å løpe er fantastisk kjekt når du kjenner flyten, men dessverre ikkje så kjekt når formen er dårleg og det er lenge sidan du har brukt løpeskoa. Då kjennes det kjipt frå ende til annen. Men det er heldigvis fullt mogleg å ta store steg med tålmodighet, og ei god dose inspirasjon. Har du i tillegg løpt mykje før er det lettare å finne fram løpeformen. Viss løping er nytt derimot lovar eg enno større og merkbar framgang. 

Ordet løpekurs høyres kanskje litt voldsomt ut, men målet mitt er slett ikkje å tvinge på deg ein heilt ny teknikk eller liknande. Det eg vil er å formidle løpeglede og gje deg det ekstra vesle pushet til å få oppleve nettopp det; glede. Dette gjer eg ved å filme kvar enkelt, gje tips til gode løpeøkter og øvelsar og være der for alle mulege spørsmål. Teknikk er viktig i løping; ikkje berre for å springe finare, men for å forebygge skadar og springe meir økonomisk. Det er ein grunn til at eliteløparane terpar på ulike teknikkøvelsar året rundt. Det same bør mosjonisten legge inn som fast rutine i treninga. Eg lovar framgang.


Frå løpekurs i Spikkestad ( i 5.månad med Noah....)

Her kjem litt meir om dei to løpekveldane.

Kvifor delta på løpekurs: Du får eit betre innnblikk på korleis du spring, og kva små endringar kan gjere. Du får individuell tilbakmelding og ei god dose med treningstips.
Løpekurset er for: Alle, om du er ny eller erfaren. 
Kvifor filming: Fordi det er ein unik måte å sjå seg sjølv på, og på den måten forstå kva eg prøver å forklare. Eg benytta meg av filming både som langrenns og friidrettsutøvar og hadde mykje att for det teknikkmessig. 

Er det filmtvang? Nei, sjølsagt ikkje, men eg anbefalar det for optimalt utbytte av dei to kveldane. 
Kva skal vi gjere? Løpe langt og hardt? Vi startar med lett oppvarming frå Circle K Strandtorget og løper rolig dei neste 15 minuttane. Deretter går vi gjennom spesifikke oppvarmingsøvelsar før vi startar på hoveddelen. Den vil bestå seg i teknikktrening på forskjellig underlag ( flatt terreng, utforbakke og motbakke) og ei økt med høgre puls. Avsluttast med lett nedjogg.

Treng eg mykje utstyr: Nei, eit par gode løpesko, lett treningstøy og drikke.

Meld deg på innan 7. april på mail til kriroset@gmail.com

Springerinneklem
 



 

3 kommentarer

Victoria Larsen

07.02.2017 kl.20:06

Så utrolig moro!

mentoring.blogg.no

08.02.2017 kl.14:28

For noen år siden så var det faktisk på moten å løpe baklengs, fordi det skulle være så bra for posituren. Da kunne en gå i Oslo, så kom det plutselig en gjeng med folk i joggedrakt løpende baklengs.

Marte Johannessen

11.02.2017 kl.08:53

noen tips til hvordan man kan begynne å løpe? jeg synes det går så utrolig sent, og blir så fort sliten. haha. flinke du!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv