hits

Så smått i gang

Ikkje sidan operasjon av begge hælane i 2009 har det gått så lang tid utan løping. Ja, vi snakkar om eit halvt år. Bekkenet og kynnarar sa løpestopp i august, etter klar beskjed frå legen på sjukehuset. Viss eg ville ha det vondt og risikere tidleg fødsel kunne eg berre halde på, men viss eg ville ha det nokolunde greitt og få ein fødsel i rett tid var det best å legge ned løpinga for ei stund. Eg likte ikkje beskjeden. Med Noah gjekk det jo så greitt og løpinga er ein stor del av meg, men når legen sa at alle svangerskap er ulike og det viktigaste var å unngå for tidleg fødsel kunne eg ikkje anna enn å la være. Og det har faktisk gått bra. Ja så "bra" at eg har grua meg til å begynne att. Formen er regelrett elendig og bekkenet har ikkje vore det beste, då fødselen gjekk i rasarfart med ei skulder som sat fast nederst i opninga. Vi snakkar om smertefull stølhet i midtdelen av kroppen:):) hehe


MEN etter 7 veker har eg tatt skrittet ut og hatt mine to første løpeturar. Seinast i går fekk Erle og eg ein fin tur i sol og snø og utan dei største vondtene. Litt kjenner eg fortsatt, men det er slett ikkje ille. No er det om å gjere å halde att, slik at eg ikkje pådrar meg noko som ikkje vil sleppe. Det er derimot ikkje like enkelt når dama har fått smaken på løping att.....

Uansett er det godt å kunne gjere anna enn å berre gå. Det blir for å sei det mildt; gørrkjedeleg i lengda. Vel og merke i einsam majestet. Saman med venninner er det noko heilt anna. 


Bilder frå sist veke.

Springerinneklem

 

Én kommentar

Victoria

13.02.2017 kl.16:07

Kjempe flott innlegg! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv