hits

Løpeteknikk med vogn

Å løpe med barnevogn er ikkje det same som å løpe utan, men det er likevel fullt mogleg, og du får i tillegg ekstra trening. 

Ein kan ikkje sette barnet i løpevogn eller liknande før det er 5-6 månadar då kroppen ikkje er sterk nok til å takle belastninga. Av den grunn har ei nybakt mor ikkje mykje anna valg enn å bruke den forholdsvis tunge barnevogna. Men stiller ein med godt mot, er er det fullt muleg å få fine løpeturar likevel.

Teknikk:
Den største forskjellen mellom å løpe med og utan vogn er armbruken. Du må jo halde fast i vogna uansett, men treng ein bruke begge henda? Nei! Er det forholdsvis flatt og greitt underlag held det lenge med ei hand på "rattet".  Då kan den andre brukast som vanleg. Held ein fast med begge hendene vil ein automatisk få ein anna løpsopplevelse, og teknikk for den del. Eg anbefalar difor å sleppe opp den eine handa og la armen pendle som vanleg. Bytt gjerne på armane for å få variasjon og ei betre fordelt belastning. Når det gjeld beinbruk og resten av holdninga anbefalar eg å ikkje bli hengande "frampå". Dvs at overkroppen er lent mot vogna og beina sparkande bak. Prøv å hald ei rett linje som mogleg. I bratte motbakkar går eg raskt i staden for å springe. Det fungerer for min del då eg slepp å mase med teknikken og springe seint som ei snegle:):)



Ikkje så vanskeleg å halde seg til denne fartsgrensa... hehe:)

Sjølv om babyen ikkje hugsar løpeturane dokke deler der og då, kan det være fint å ta fram bilder når dei blir eldre. Det skal iallfall eg gjere. Både med Erle og Noah:)

Springerinneklem

4 kommentarer

Dazzy

14.02.2017 kl.15:59

Så herlig! Kjempefine bilder:)

Victoria Larsen

14.02.2017 kl.16:59

Herlig <3 Jeg ønsker deg en fin tirsdag :-)

Laila Marina

16.02.2017 kl.23:14

Har alltid lurt på hvordan folk får til å løpe med barnevogn, now i know :) Fine bilder <3

springerinne

17.02.2017 kl.13:29

Laila Marina: :) Ja, du fekk iallfall nokre input:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv