hits

Finne tid til å nyte

Då eg gjekk gravid gjekk tida seint. Dei 9 månadane kjendes som 1 år, - om ikkje meir. Tida etter at vesla kom til verda derimot kjennes motsett. Sjølv om dagane er nokså like, føler eg Erle vekse så fort at eg er redd eg ikkje klarar å nyte og oppleve det nok. Det er rart korleis tidsperspektivet kan endre seg.




Bildeknips frå siste vekas aktivitetar. Nede til venstre er frå Fakkelprisen som blei utdelt i Håkons Hall der blant anna Lillehammer Cykleklubb vann idrettsprisen. Min kjære til høgre på bilde:) Ellers er det ikkje vanskeleg å sjå at det fortsatt er ordentleg vinter på Lillehammer.

I morgon er Erle 2 månadar gammal og mykje har skjedd, sjølv om ho ennå ikkje gjer så mykje ut av seg enn å sove, skrike, ete, gjere i bleia og sove litt til. Jenta forandrar seg litt for kvar veke, noko eg ser tydeleg på bilder og måten ho følgjer med på. Auga hennar ser langt etter meg når eg skal hente noko, og skriken er ikkje langt borte viss eg ikkje kjem att nokså raskt. I dag for eksempel hadde vi besøk av presten i samband med dåp neste månad. Ho sat i vippestolen og kika, - men kun på meg. Ho ofra ikkje eit einaste blikk på den koslege mannen som sat ennå nærare ho enn eg. Det var ikkje tvil i kven ho kjende att. Moro:)




Erle og eg har mange kosestunder, og det beste er å ha å ho på magen. Då kan vi lett sovne begge to. Eg trur også ho likar seg i vogna på løpe eller gåtur. Ho søv iallfall veldig godt sjølv kor det ristar og humpar der ho ligg. Og så blir mor så blid når ho får lufta seg,- for jammen er det lett å få "brakkesjuka" når ein er spedbarnsmamma:)

Springerinneklem

 



 

8 kommentarer

Cathrine

23.02.2017 kl.21:21

Så nydelig hun er <3

springerinne

26.02.2017 kl.14:11

Cathrine: Tusen takk frå Erle:)

Bente Lill

23.02.2017 kl.21:55

Så nydelig :)

springerinne

26.02.2017 kl.14:11

Bente Lill: Tusen takk:) ja eg kan vel ikkje sei meg uenig:):)

Kristine Othilie Gran

24.02.2017 kl.17:13

Kjenner meg sånn igjen! Følte at ukene og dagene sneglet seg av sted under graviditeten, men nå har syv måneder flydd forbi uten at jeg har rukket å blunke! Men det er moro da!! :D

springerinne

26.02.2017 kl.14:11

Kristine Othilie Gran: Ja det sjukt kor tida berre rasar. Smart å filme og ta masse bilder så ein kan mimre:):)

Kristine Othilie Gran

26.02.2017 kl.14:30

Jeg vet! Tar så mange bilder og filmer at samboeren har måttet kjøpe ekstern harddisk med uendelig lagringsplass 😁

springerinne

26.02.2017 kl.14:38

Kristine Othilie Gran: hehe, det er bra:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv