hits

Rundstykker til betasuppe

Det er dåp om to veker der Erle skal feirast. Til ein slik dag krevst det matlaging når nærare 30 gjester er venta til bords. Bygdajente som eg er, er betasuppe med rundstykker etterfulgt av heimelaga kaker ein god tradisjon.

I går kveld baka eg tre brett med rundstykker. Eg er ikkje noko flink bakar, men desse var faktisk veldig saftige og gode. Ja, såpass at mannen i huset har opna eine posen og begynt på godsakene:):)

Eg er ikkje den som brukar oppskrift, men brukar det som finst i kjøkkenskapet. Det blei nokolunde slik:
Smelta smør og helte i melk som eg smuldra i gjær. Tilsatte fint hvetemel, fint rugmel, litt havregryn, sesamfrø, solsikkefrø, ørlite sukker, salt og rørte saman. Lot deiga heve ei god stund før eg rulla ut rundstykkene. Etterheva dei også ganske lenge før eg pensla dei med egg, og dryssa over sesamfrø. Steiketempen sette eg på 200, og dei var vel i ovnen rundt 15 minutt.
 
Trur dei skal passe bra til ei god gammaldags betasuppe.


Ellers fekk eg meg ein fantastisk skitur eine og aleine i Inga Låmi løypa på Birkebeiner Skistadion igår. Det er faktisk første gong eg gjekk den traseen, og pulsen blei temmeleg høg. Eg var så " smart" å installere pulsbelte og trykke start på stoppeklokka, så det enda med å gå i sone 4 store deler av turen. Ei slita jente etter endt tur:) Idag har eg jogga og gått med Erle, og ingenting er betre når sola strålar frå blå himmel og gradestokken seier -1-2 grader:)

Springerinneklem




 

Én kommentar

Victoria Larsen

26.02.2017 kl.15:24

så koselig! :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv