hits

Det beste eg veit...

Eit lite knippe av det beste eg veit...



Dokke som har fulgt meg veit at eg er veldig glad i Sør Afrika. Det har blitt til saman sju turar dit, og sjølv om eg har sett fleire stader av landet er eg heilt forelska i Western Cape ( den sørlegaste delen). Ein del av landet som er kjent for svært god mat og vin. Blant alle nydelige måltid serverer dei blant anna ein rett kalla Bobotie. Denne smakte eg for første gong i 2000, ja faktisk for 17 år sidan, - og den er like god fortsatt. I går kveld blei den servert i kalde Lillehammer, for to personar..... Ingridenslista ser voldsom ut, men dette er ingrediensar som står seg ei god stund, og er dermed ikkje bortkasta. Og når du først får smakane innanfor ganen vil du ikkje angre.

Oppskrift: ( 4 porsj)

1 løk, hakkede
1 kvitløksfedd

1 ss paprikapulver
1 ss gurkemeie
1 ts karripulver
1 ts malt ingefær
1/2 ts kajennepepper
1 ts sukker
1 ts salt
1 bokser knuste tomater
100 g rosiner
50 g tomatpuré
2 ss fruktchutney
1 ss rødvinseddik
1 ss worcestersaus
1 ss aprikossyltetøy
1 brødskiver
1 1/2 dl melk
500g kjøttdeig
1 egg vispede
Laurbærblad til pynt

Slik gjør du:
Legg brødbitar i melk. Steik løk og kjøttdeig. Tilsett alt krydder, sukker og salt. 
Tilsett deretter tomatar, tomatpuré, rosiner, chutney, rødvinseddik, worcestersaus og syltetøy. Rør godt. 
Ta brødet ut av melka, bland bitane godt inn i tomatblandinga.
 La det småputre til overflødig væske er borte. Sett ovnen på 180 ºC. Når den er klar, heller du kjøttblandinga over i ei ildfast form.
 Ta det piska egget og den gjenværande melken (fra brødbitene) og hell over blandinga. 
På toppen pynter du med laurbærblad ( skal ikkje etast). Deretter skal retten steikast i ca. 20 minutt.

Server med kokt brokkoli, ein stor bit banan, ris ( gjerne villris) og ein dash med chutney. Eg brukar mangochutney som eg finn på blant anna Rema 1000.
Nyyyyt!

 

Bileta over er frå gårsdagen, og eg kan ikkje anna enn å smile. Det å sjå storebror saman med veslesøster på denne måten gjer meg veldig glad. Det er ikkje ofte eg får knipsa slike øyeblikk då Noah som regel er turboen sjølv, men av og til finn han også roen og får lyst å kose Erle. Han reagerer også veldig på skriken hennar når ho først set i gang, og spurtar mot ho med smokken i handa.:)



Neste helg er det dåp, så i dag har eg laga ei skikkeleg sjokoladekake for barn toppa med geletoppar og Nonstop:) Etter min gane er nok kaka for litt fleire enn barna...hehe...
 

Ynskjer dokke ei fin helg vidare.

P.S
Slenger med litt fleire bilder...


Springerinneklem

 

 

Én kommentar

Victoria Larsen

04.03.2017 kl.17:31

Så koselige bilder! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv