hits

Løpekurs på Lillehammer - for absolutt alle

Om ein månad arrangerer eg løpekurs her på Lillehammer. Per dags dato ser det dårleg ut då eg har for få påmeldte, og eg lurar litt på kvifor ikkje er fleire interesserte i å få gode løpetips og individuell veiledning. For, det manglar ikkje på ivrige løpsmosjonistar iallfall. Det ser eg for eksempel på Sørdalskarusellen som startar i slutten av april, og avsluttast i september. På det meste deltek over 300 små og store. På treningssentra er det ofte fullt på løpetimane, og eg møter stadig løparar når eg sjølv er ute.


Å delta på ei løpekurs er motiverande, men mest av alt kan det hjelpe deg til å optimalisere løpestilen din, forebygge skadar og effektivisere løpsformen. Eg er ikkje ute etter å gjere store endringar, det kan godt hende det berre er småting som kan gjerast litt annleis, men i det lengre løp gjere store forbetringar. Kroppen vår er fødd til å løpe og bevege oss, men kven har lært oss å løpe? Som oftast oss sjølve. Det er jo berre å snøre på seg løpeskoa og legge avgårde. Men veit du eigentleg korleis ein optimal armbruk er? Veit du ulempa ved å lande hardt og brutalt på hælen? Veit du kva spesifikke øvelsar du kan trene på for å bli ein betre løpar? 

Veiledninga eg gir er for aboslutt alle. Både den yngre og den eldre garde. Du treng ikkje ha god kondis, ei heller ikkje ha lang løpserfaring. Og eg lovar at du verken skal føle deg ukomfertabel eller håplaus. 

Meld deg på til kriroset@gmail.com, og klikk deg gjerne inn på Facebooksida for meir informasjon. 

Min bakgrunn som løpar og som gjer at eg kjenner meg trygg på å formidle teknisk veiledning er følgjande:
Har løpt sidan eg var lita jente, konkurrerte frå eg var 10 år og løpte for landslaget frå eg var 16 til 24 år. Har 3 NM gull på 800 meter, Nordisk gull på same distanse, fleire sølv og bronser i same meisterskap og løpte 1500 meter i EM i 2002.
Har vore friidrettstrener, halde fleire løpekurs, og vore lagleder for Norges Friidrettsforbund.

Én kommentar

Victoria Larsen

16.03.2017 kl.12:30

Så gøy! :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv