hits

Når treningsgleda får ein anna dimensjon

I går fekk eg meg ein 8 kilometer løpetur heilt åleine i sol og på grusa asfalt. I dag fekk mannen og eg ein skitur på Skeikampen uten ungar. Er det rart eg smiler. Ja, for det er slett ikkje ei sjølfølge at dette går i boks. Som regel har eg Erle ved mi side 24/7, og når helga kjem er det to små som treng ein av oss til ei kvar tid. Det betyr lite åleine tid, og ennå sjeldnare at begge får trene saman.

Før eg møtte min kjære budde eg for meg sjølv i ei lita koseleg leilighet med bikkja i Ski ( Akershus) og ante eg ikkje korleis livet skulle utarte seg eit par år etter. At det skulle bli lite tid til trening og utfoldelse, men dagar fyllt av barn, bleieskift, mating og kosing. Då kunne treningskompisen på fire bein, og eg løpe når vi ville og kor vi ville. Det var sjeldan noko som stoppa oss. Eg sette sjølvsagt pris på desse treningsturane, men slett ikkje på same måte som eg gjer i dag. Frå å føle at treninga fortsatt var litt tvang etter mange år som spiseforstyrra, har treninga blitt ei stor glede når eg først får mulegheit til å kome meg ut. Og akkurat denne åleinetida set eg meir pris på enn nokon gong.

Med den bakgrunnen eg har, vil eg sei at det å bli mamma har gjort underverk. Tålmodigheta har fått utfordra seg, fokuset på meg sjølv må vente til eg er - nettopp heilt åleine, og alt som har med trening å gjere er ikkje lenger i fokus. Det kjem når tida strekk til.



Så sant eg har helsa i behold og bein og armar i funksjon kjem eg til å halde fram med å trene til eg blir gammal og grå, og det kan godt hende eg blir ein crazy 50 åring på treningsfronten når den tid kjem, men så lenge barna er små kjem dei først uansett. For min del er det berre SUNT!

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv