hits

Løpekurs for oss damer

Eg skal som nokre av dokke veit, halde løpekurs om ein liten månad. Har fått fleire henvendelsar og alle frå det kvinnelige kjønn. Interessa stemmer veldig med kjønnsfordelinga som har delteke på mine tidlegare løpekurs, difor ynskjer eg å endre tittelen "Løpekurs" til " Løpekurs for oss damer".


På løpetur i går med veslejenta, til jobboppdrag for Dagbladet.

Eg veit ikkje om det stemmer, men eg har ein følelse av at kanskje nokre gruar seg til å delta på slike ting i redsel for å dumme seg ut. At ein kjenner seg usikker og kanskje ikkje føler seg i god nok form osv. Eg veit ikkje om det er ekstra utfordrande å melde seg på når det i tillegg er mannfolk der, men kanskje. Uansett, så kan eg betrygge dokke med at det IKKJE er nødvendig å være i god form. Du treng heller ikkje ha tipp topp utstyr som matchar, og du skal vite at filmsnuttane eg tek av deg kun er forbeholdt deg og din mail. Viss eg skulle finne på å legge ut noko på bloggen min i etterkant, spør sjølvsagt om dette er greitt først.

Eg er ingen alvorleg og nebbete instruktør, men blid og temmeleg uhøgtidleg som person. Eg ler høgt og skravlar mykje, men likevel er eg nøyaktig og pirkar på det eg ser kan forbetrast. Løping er lidenskapen min, og har vore det sidan eg var bittelita. Sjølv om løpinga brakte meg ut i spiseforstyrrelsar og mykje vondt, har eg aldri slutta å like å løpe. Det er det eg kan aller best, og vil formidle vidare.

Så ikkje vær skeptisk og redd. Meld deg på, og så lovar eg at du vil gå heim med mange gode tips etter dei to kveldane. Sjå HER for meir info og meld deg på til kriroset@gmail.com

Springerinneklem

 

2 kommentarer

Kari

30.03.2017 kl.09:26

No bor eg dessverre 5 timar unna Lillehammer, hvis ikkje skulle eg jammen ha meldt meg på!

springerinne

02.04.2017 kl.11:58

Kari: :) Eg skjønar den:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv