Frå pizzaredsel til pizzaelsker
Då eg var 18 år blei pizza bannlyst i livet mitt. Pizzaen som eg brukte å elske, spesielt med ei heilt lass med kvitost over turte eg ikkje lenger smake på. Spiseforstyrrelsen eg hadde klart å "dra på meg", gav eg nemleg klar beskjed om at dette var usunt, feitande og fryktleg farleg.
Så gjekk åra, - mange år. Ikkje før eg fekk behandling og kjende meg som Kristin att etter å ha passert 30 år turte eg å smake på pizza igjen. Først heimelaga med lett kvitost, og til slutt kjøpe pizza med ukjende ingredensar og gjerne med ekstra ost på toppen. Eg hugsar det som om det var i går, - den første smaken av heimelaga pizza. Det var skummelt å gape over, men fy flate så godt det smakte. Eg var i himmelen.
I dag tenkjer eg ikkje på pizza som farleg eller usunt. Det er eit enkelt valg i ein hektisk kvardag, og eg serverer gjerne ein frisk salat ved sidan av. Ja og så heimelaga rømmedressing. Det er eit must.
Det er fryktleg rart å tenkje på at eg levde i nærare 15 år utan å smake på ein einaste smule pizza, alt på grunn av ei stemme i hovudet som fortalde meg tull og tøys. Pizza er supergodt, treng absolutt ikkje være usunt og om den skulle være i det usunne laget så gjer heller det INGENTING.
Springerinneklem
P.S
Eit litt anna tema, men i dag fekk eg min første Dagbladet artikkel i papiravisa. Eg skriv til vanleg for Dagbladet.no/ Pluss( betalingsside), men av og til vert dei også trykt i papiravisa. Så kjøper du Dagbladet i dag må du slå opp på side 12 og 13:)
God helg!
Victoria Larsen
24.03.2017 kl.15:51
Sandra Marie
24.03.2017 kl.16:46
Madelén Skare Olsen
24.03.2017 kl.23:38