hits

Det som før var ein selvfølge....

Det som før var ei selvfølge, er idag blitt noko heilt anna; - som å få gå på ski. Det er slett ikkje lett når ein har fire barn i hus 50% der to av dei krev at ein av oss voksne er til stades heile tida. For,- det å gå på ski tek utan tvil lengre tid enn å løpe seg ein kort tur frå husdøra. Det er meir utstyr, ein må køyre til løypa, gjerne smøre viss det er klassisk og ein skal kome seg heim etter endt tur. Heldigvis har eg ein mann som veit at eg elskar å være ute, så idag fekk eg altså litt åleine tid på ski. Fantastisk start på dagen og med nypreppa løyper kunne eg legge i veg som ein av dei første i skisporet. Eg smilte frå begynnelse til slutt.

Imorgon ventar det besøk fra barselgruppa eg kom saman med då Noah blei fødd. Seks jenter med barn kjem til frukost, og då skal jammen mannen få tid til å gå på ski også. Eg synes det er viktig å gje kvarandre tid til å trene sjølv om huset er fullt av barn. Berre ein god time heilt åleine gjer underverk når ein veit at det går i hundre og ett innanfor husets fire veggar. Eg får iallfall mykje energi og eigentrivsel etter ei slik stund. Hadde eg visst kor dyrebar denne tida ville bli for nokre år sidan ville eg aldri kunne sett meg inn i situasjonen. Då tok eg alle slike stunder som ein selvfølge.


I går var veslejenta 3 månadar. Det betydde kontroll og vaksiner i begge lår. Erle skreik så sårt då ho fekk sprøytestikka at mor blei heilt ut av seg. Uff, men heldigvis gjekk det raskt over, og idag er ho i sitt ess igjen:) Noah er turbogutt som vanleg og spring att og fram i huset som ein "stukken gris". Ikkje lett å følgje med på den karen.


Full gass frå morgon til kveld:)

I kveld ventar bursdagsfest for ein god kamerat av min kjære. Då kjem verdas beste barnevakt;- bestemor på besøk så gamlingsane i huset får seg ein liten luftetur - saman! 

God laurdag:)

Springerinneklem

3 kommentarer

Victoria Larsen

25.03.2017 kl.15:50

Så herlige bilder <3

casss

29.03.2017 kl.20:27

Så koselige bilder. :D

Linn

02.04.2017 kl.20:43

Hei! Kan jeg spørre om du ammer og dine erfaringer med det?

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv