hits

Ikkje gløym å melde dokke på løpekurset

Det er 18 dagar til første del av løpekurs her på Lillehammer. Det vil sei ei veke til påmeldingsfristen. Eg må ha minimum fem og maks tolv deltakarar for at kurset skal bli halde. Har fått inn nokre påmeldingar per dags dato, men ynskjer svært gjerne fleire. Så til dokke som er nysgjerrige er det berre å sende ein mail til kriroset@gmail.com. Spør gjerne om det du måtte gruble på.


Like i nærleiken av der vi skal møtes:)

Om løpekurset:
Dato og tid: Tirsdag 18.april kl.18.00-19.15 og tirsdag 25. april kl.18.00-19.15
Oppmøte: Circle K, Strandtorget ( gamle Statoil). Herifrå joggar vi til Mosodden kor det er flatt og godt terreng.
Pris: 950,- for to kvelder. Inkluderer også tilsendte filmsnutter med individuelle tips.
Påmeldingsfrist: 7.april til kriroset@gmail.com
Betalingsinformasjon: Mottas ved påmelding. I tillegg vil du få detaljert informasjon om innhold m.m.
Antall deltagere: Minimum 5 - maks 12 deltagere.
Om meg: Bakgrunn som mellomdistanseløper på landslaget i flere år. Erfaring som løpekursholder, løpetrener, har skrevet bok om idrett og kroppspress, og er i dag treningsekspert for Dagbladet og redaktør for magasinet SKIsport. Jeg er ellers gift, har ei jente på 3 månadar, en gutt 2,5 år og er bosatt i Lillehammer.

Ikkje vær redde for å melde dokke på. Dette er eit løpekurs for alle. Det einaste eg krev er at du klarar å ei løpe rolig  oppvarming i ca. 10-15 minutt. Deretter lovar eg at dokke ikkje skal måtte puste og pese meir enn nødvendig. Dokke vil kanskje kjenne litt stølhet eit par dagar etter, men det går seg raskt til.

Håpar eg ser deg.



Springerinneklem som snart skal ut og teste løpeskoa. Må berre få mannen heim frå sykkelsetet:)

P.S
Kjøp dagens Dagbladet avis og slå opp på side 26-27 viss du vil få tips til seks gode ryggøvelsar. Moro å få sakene mine i papiravisa også:)

Én kommentar

Victoria Larsen

01.04.2017 kl.13:51

Jeg ønsker deg en fin lørdag :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv