hits

Når du blir sint på den du er mest glad i

Det er ikkje til å legge under ein stol at det å ha to tette barn kan være ei utfordring til tider. Noah er snart 2,5 år, medan veslesysta Erle er blitt  3,5 månadar. Og ja, eg var fryktleg spent på korleis det ville gå når det kom ei lita snuppe innanfor husets fire veggar. Eg tenkte vel eigenleg det verste..

Noah er supersøt med Erle. Han stryk ho på hovudet, kyssar ho på munnen og vil gjerne halde ho i armane- åleine. Men han vil også stikke fingrane i auga hennar, rope så høgt at ho vaknar frå søvnen og legge seg opp på ho med heile den 13,5 kilo tunge kroppen. Når ho skrik, set han i eit ennå høgre skrik og gir eg ho melk skal han helst sitte oppå mamma og drikke av same flaska.

Med ein alder på 2,5 er den vesle førstefødte babyen min blitt ein individuell liten person med eigne meiningar og gjerningar. Og han likar meir enn nokon gong å vise seg fram. Vise at han er her, har behov og ynskjer oppmerksomhet. Ikkje rart i det heile tatt. Han har tross alt levd livet sitt i berre litt over 2 år. 

Utfordringa er når mor er sliten, veslebabyen skrik etter mat, vi er åleine og turbogutten skrik "-Mamma", "- Au" eller  "- Har bæsja.." Og etter at vi er ferdig med heile seansen skal storebror i tillegg klatre over sofakanten og drage smokken ut av munnen på veslesysta som nesten har sovna igjen... Då er det lett for mor å bli oppgitt, og ja  - SINT! 

Det er ikkje morsomt å bli sint. Og ennå verre er det viss vesla skrik ennå litt til, fordi mor har heva stemma...

Sukk, det er ikkje lett å bli arg på den ein er mest glad i på heile jorda. Det er eigentleg heilt forferdeleg, men kva skal ein gjer når frustrasjonen toppar seg fullstendig? Det er slett ikkje lett når ein står i situasjonen. Heldigvis er eg ganske så sikker på at turbogutten vil huske dei gode stundene, og ikkje dei minuttane mamma har vore streng.

Springerinnemamma

P.S
No har Erle lært seg å snu seg frå rygg til mage, og gjer ikkje anna når ho inntek babygymen. Morsomt!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv