hits

Til ei heilt spesiell dame

No sit eg her att med to små som faktisk søv godt, men det varer ikkje lenge, så eg får skrive fort. 



Mor har vore her ei veke då min kjære har jobba på Mallorca og kjem heldigvis att seinare idag. Og eg må berre sei at eg er sjeleglad for at eg har ei mamma og mormor som er så glad i å hjelpe til. Sjølv om ho bur 5-6 timar i bil/buss herifrå er ho ikkje redd for å reise den lange vegen for å hjelpe dattera og være med eit turbotroll på snart  2,5 år og ein liten baby på 3,5 mnd. I tillegg kjem ho alltid med energi til å vaske golv, bad, kjøkkenskap, kjøleskap, legge saman kle, stryke kle og bake bollar eller noko anna. Og dama er ikkje mindre enn i sitt 76 år. Sprek som rakkaren, sjølv om ho slit med sitt.


Fadder til Erle og mitt tantebarn Johanna til venstre, søster og tantebarn Olina i midten og eg på Midtfjellet i dag.

I går kom min far og morfar og to tantebarn, både for å hente mor og mormor og for å besøke oss. Så i dag tok far oss med på Sjusjøen for å prøve skia ( heime på Vestlandet har det ikkje vore vinter på same måte som her kan du sei) og vi fekk oss ein flott skitur i gode påskeløyper. Mor og mormor "stakkar" måtte være heime med trolla, og ho fullførte det på ein meget god måte. Eg er imponert.

Vel, dette blogginnlegget er til ære for mi gode mor som kanskje nokre av dokke også har lest om i boka mi Spring for livet. Ho er eineståande, litt streng, fortel det ho meiner, men veldig snill. Kjenner meg litt igjen i mi eiga morsrolle kan du sei.

God påske til alle lesarar. Kos dokke masse ( det er fullstendig lov) og nyt det som kan nytast.

Springerinneklem

P.S Det blir løpekurs neste veke her på Lillehammer. Eg har fått seks påmeldingar og GLER  meg masse til å få formidla løpegleda mi:)

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv