Påske før og no
Påske = ferie, famile, kos, lange dagar, og god mat og drikke. For ein spiseforstyrra heilt forferdeleg, - for ein frisk heilt topp!
Fanatisk trening var alltid innlagt uansett jule,-påske eller sommarferie. Eit salig stress...
Eg hugsar det godt, då vi reiste heim til Nordfjord i påska. Det var den eine gongen av tre faste turar ( påske, jul og sommar) vi drog til heimstaden vår. Sjuk som eg var grudde eg meg i lang tid før avreise. Eg visste at familien og andre ville granske meg - om eg hadde gått opp eller ned i vekt, og eg visste at kommentarane kom uansett kva veg det hadde gått. I tillegg grudde eg meg til all maten som blei servert. Berre det å ete ein felles middag med påfølgjande dessert var eit mareritt, og gjennom ei påskeveke ville det bli mange. Dette medførte i eit treningsregime utan like vekene før og innskjerping i kostholdet. Eg skulle iallfall ikkje kome heim med for mykje på kroppen, heller litt mindre, slik at eg hadde noko å gå på. Eg visste jo at eg ikkje slapp unna svinesteika og lammelåret. For å sei det kort, var gleda mykje større då bilturen gjekk i retur til normale dagar.
Mine to små: Er hovedfokus i livet mitt. Milevis frå slik eg levde før.
Det er rart, vondt og ikkje komfortabelt å tenkje på at eg har oppført meg på denne måten. At eg lot spiseforstyrrelsen styre alt. At eg ikkje klarte å glede meg over å treffe familien att. Det er tross alt det kjæraste ein har.
No, fleire år etter har eg skapa min eigen familie. Og her blir påska og alle høgtider teke imot med eit stort smil. Då er det fri, det er litt ekstra godis, god mat, tid til å finne på ting i lag og tid til å stresse ned. Og eg er så sjeleglad for at spiseforstyrrelsen ikkje lengre styrar livet mitt. Det hadde blitt ein vanskeleg kombinasjon med små barn, fleire feriar i løpet av året og ei forventning om kos og det som høyrer med.
Familie: Tantegulla mine Johanna og Olina og eg på skitur denne veka.
God påske, og prøv å nyte høgtida. Det er ikkje farleg å senke skuldrane nokre hakk:)
Springerinneklem
Anette Vedøy
14.04.2017 kl.17:47
Victoria Larsen
14.04.2017 kl.18:37
Ingvild
16.04.2017 kl.14:46