hits

- Opplever du fortsatt å komme opp i situasjoner der de syke tankene får bestemme?

Eit spørsmål eg fortsatt får; ansikt til ansikt eller på andre måtar. Eit spørsmål som pleier å kome frå den sjuke, men også frå friske og journalistar.


Sjukt smil: Anoreksien sitt smil for fleire år sidan...

Etter fleire år som ei normal jente og småbarnsmor har livet endra seg drastisk frå den tida eg var ordentleg sjuk av spiseforstyrrelsen. Det er 6,5 år sidan eg starta i behandling, og 5 år sidan eg stod på eigne bein. Mange år sidan tenkjer du sikkert, men for ein som har slite med mat og kropp i 13 år tek det tid før hjernen fungerer optimalt. Det er ein seigliva prosess, der du må jobbe konstant i lang tid før du ser det ordentlige lyset i tunnellen.


Gravid med Noah (-14):
I ein heilt anna tilstand enn bildet over, og i gledesrus.



Gravid med Erle: I fjor. Også i gledesrus, men med litt meir motgang enn i første svangerskap.

I løpet av desse åra har kroppen gjennomgått to svangerskap. Ei endring som lett kunne fått meg på feil retning. Det første svangerskapet gjekk overraskande bra. Eg trente til eg fødde, og kjende eigentleg berre ein stor gledesrus ved  å gå gravid. I etterkant gjekk det seg også raskt til. Kroppen fann seg sjølv att raskt og eg var mest av alt takknemleg for å kunne bli mamma. Så kom svangerskap nummer to, med Erle. Det gjekk tyngre på alle måtar. Eg var dårleg frå starten av, bekkenet begynte å krangle raskt og kiloa kom raskare enn eg såg for meg. Det var tøft. Eg følte meg ikkje vel, treninga som var min vesle fritime blei til gørr kjedelege gåturar. Det gjorde meg tankefull. Eg likte det ikkje. Heldigvis opplevde eg desse tankane berre over ein liten periode av svangerskapet.
Så kom fødselen, og no tida etterpå. Det har gått greitt, men eg kjenner at det tek lengre tid å kome i form samanlikna med førstemann. Bekkenet krangla ganske så lenge, og gjorde meg temmeleg utolmodig. Ja, det er først no, etter snart fire månadar eg kjenner at ting begynner å stabilisere seg. 


April 2017: 2 barns mamma

Så svaret på spørsmålet er: Ja, eg opplever situasjonar kor dei sjuke tankane tittar innom. Det kan være etter fire dagars treningsfri, eg har ete både det eine og det andre og kjenner meg utilpass. Men, forskjellen på korleis eg ville reagert før, er at eg i dag ikkje lar tankane gå over til handling. Eg kuttar ikkje ned på mat og eg står ikkje opp tidleg om morgonen for å trene. Eg har ein nøkkel til å styre dei vonde tankane, nemleg den innvendige peptalken. Ikkje skal eg prestere på ein idrettsarena kor eg treng å kle av meg til skinnet, ikkje skal eg sprade rundt i bikini heile sommaren, og ikkje skal eg gå ned i vekt med vilje fordi ei idiotisk stemme i hovudet fortel meg at det er nødvendig. Forhistoria mi er nemleg til skremsel og gru. Det er absolutt ingenting som freistar i det å ete lite, trene mykje og leve på sparebluss. Det betyr mistrivsel, ei sur mamma som ikkje klarar å yte optimalt, ei grinete kone som ikkje er kul å leve med og ein kvardag som minner meir om et fengsel. 

Når eg ser barna mine, som eg elskar over alt kjem tankar om eigen kropp og utsjånad i bakerste rekke. Dvs. tankane kan kome, men handlingane uteblir.

God 1.påskedag!

Springerinneklem

 

Én kommentar

Victoria Larsen

16.04.2017 kl.21:35

Jeg ønsker deg en fin søndag :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv