hits

Derfor anbefaler eg desse løpeskoa

Ein liten kar som sniktittar på mors løpesko...og rappar dei like etterpå:):)


Eg har vore trofast tilhengar av Asics Gel Noosa Tri i mange år. Ein sko på 233 gram (dame) og med eit dropp på 10 mm. (Dropp = forskjellen i tykkelsen på løpeskoens såle fra forfot til hæl, målt i millimeter.) Altså ein fin sko til det meste av løping. Eg har iallfall brukt den til både rolige turar og intervalltrening. Eg føler skoen gjev meg ein god løpsfølselse og passformen er bra. Det einaste eg har merka er at hælpartiet blir raskt slitt innvendig, men det er kanskje pga mine spesielle ( og opererte ) hælar.

 


 

Vel, eg har som sagt vore trofast til Asics, men så fall eg for fristelsen av å kjøpe eit heilt nytt merke. Valget fall på det franske merket Hoka, og modellen Tracer( bildet over). Ein lettvektsko som er fin til både intervall og konkurranse.

Eg har vore skeptisk til desse nye skomerka som har ein heilt anna såle enn dei vanlege, men då eg prøvde Hoka Tracer i butikken klarte eg ikkje å gå derifrå utan å ta dei med meg heim.
Og fy flate så glad eg er for det. Makan til løpsfølelse har eg ikkje kjent på år og dag. Det lave droppet får meg på forfot på ein naturleg måte, skoa er mjuke, men likevel ikkje for mjuke og dei gjev ein vanvittig god respons i løpesteget. Eg har heller ikkje merka noko stølhet etter treningsøktene. Kanskje noko eg kan takke dei jevnlige styrkeøktene for.

 

Hoka Tracer veg berre 160 gram ( dame), har eit dropp på 4 mm. Prisen ligg på 1599,- Ja, det er dyrt, men gode løpesko kostar. Slik er det berre. Eg kan iallfall anbefale Hoka Tracer til deg som er ute etter ein lett løpesko til intervall, hurtig langtur, konkurranse eller liknande og som ynskjer god passform og komfort.
Du bør starte forsiktig viss du ikkje er vane med lav dropp. Begynn for eksempel med ein heilt rolig tur på 20 minutt og auk etterkvart. Skal du løpe ein lengre tur kan du bytte undervegs. Den lave droppen vil nemleg angripe leggane dine ganske så kjapt viss du ikkje har løpt med slike sko før, eller har vore flink med spesifikk styrketrening.



Dei siste Gel Noosa Tri skoa...Ja, det blir nokre par i året, men er det noko ein løper ikkje bør være gnien på, så er det løpesko. Resten av antrekket er ikkje så viktig.

Springerinneklem
 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv