hits

Smakfulle rundstykker med sesamfrø

Huskar godt den tida eg var livredd alt som hadde med brød, rundstykker etc å gjere. Ja alt med mel i seg. Men om eg lot være å bake? Neida, det gjorde eg stadig vekk. Andre skulle jo ikkje lide under min spiseforstyrra tilstand.




Vel, dette er fortid- heldigvis. Dei siste åra har eg ikkje tenkt tanken på at det eg bakar ikkje kan puttast i eigen munn. 
Igår lagde eg rundstykker med sesam og solsikkefrø. Ein følger på Instagram spurde etter oppskrifta, men eg har dessverre ikkje dei konkrete måla då eg er fæl til å ta slikt på slumpen. Men eg gjorde det iallfall slik:

Smelta smør og tilsatte melk slik at væska var omtrent 37 grader. Tilsette så hvetemel, solsikkefrø, sesamfrø, litt salt, litt sukker og rørte saman. Tilførte meir veske undervegs då det blei litt lite i forhold til melmengda. Heva deigen i ein god time og baka rundstykkene ut. Etterheva i ca.30 minutt, pensla dei med egg og dryssa over sesamfrø. 

Det blir som regel eit søl av sesamfrø på brettet, men viss du blandar sesamfrøa i eggeblandinga og rullar rundstykkene i den, blir det mindre søl.

Springerinneklem

P.S I dag er vesla 4 månadar. Tida går nesten for fort.



 

10 kommentarer

Sandra Marie

24.04.2017 kl.13:26

de så gode ut :)

springerinne

25.04.2017 kl.14:19

Sandra Marie: Tusen takk:)

lisarorvik

24.04.2017 kl.14:28

Så kjempe godt ut, for et herlig bilde :)

springerinne

25.04.2017 kl.14:19

lisarorvik: :):) Takker

Lilli

24.04.2017 kl.15:13

Det så veldig godt ut :)

springerinne

25.04.2017 kl.14:19

Lilli: Takk, ja dei blei bra:)

Anneli Høiland

24.04.2017 kl.19:17

Delikat! Flott med oppskrift, datteren min så bildet over skuldra mi, og kom med bestilling :)

springerinne

25.04.2017 kl.14:18

Anneli Høiland: E det sant. Så morsomt.:)

elisebr

25.04.2017 kl.10:11

Så gode de så ut! Så søtt bilde! :)

springerinne

25.04.2017 kl.14:18

elisebr: Takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv