hits

Vellykka løpekurs

I dag avslutta eg løpekurset, og sit att med mange kjekke opplevingar. Deltakarane har verkeleg tatt til seg "instruksane" mine. Alle har fått tilsendt filmar med individuelle råd. Noko dei tydlegvis har satt pris på utfrå tilbakemeldingane ( tusen takk).

Å bli filma gjev som regel fleire a ha opplevingar. Då ser du verkeleg din eigen teknikk og derifrå er det lettare å forstå kva du bør forbetre. Og ikkje minst lettare for meg å gje tips. Dette kan du også gjere viss du får nokon med deg på treninga. Bruk gjerne telefonen. Den tar i tillegg liten plass, og er lett å håndtere.

Eg ynskjer å halde eit løpekurs til i løpet av våren/sommaren, men etter dette kurset ser eg at 7 stykk er alldeles nok. Det blir for mykje ventetid dersom gruppa er større. Gje meg eit pip til kriroset@gmail.com viss du er interessert. 



Og for orden skuld; svaret eg fekk om dette var skummelt og slitsomt, var entydig NEI!
Gruppa bestod seg forøvrig av fem jenter og to menn alderen 17 til 60 år. 

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv